Opna hovudmenyen
It's Only Love
Singel av Bryan Adams med Tina Turner
frå albumet Reckless
Utgjeve 1985
Innspelt 1984
Sjanger Hardrock
Lengd 3:15
Selskap A&M
Låtskrivar(ar)
Produsent
Bryan Adams-kronologi
«One Night Love Affair»
(1985)
It's Only Love «Diana»
(1985)
Tina Turner-kronologi
«One of the Living»
(1985)
It's Only Love «Typical Male»
(1986)


«It's Only Love» er ein song av den kanadiske songaren og låtskrivaren Bryan Adams, spelt inn i lag med Tina Turner. Songen var den sjette og siste singelen frå Adams-albumet Reckless. Eit konsertopptak vart sidan gjeve ut på Tina Live in Europe i 1988, i tillegg til samleplater av begge artistane, som Adams sitt Anthology og Turner sitt All the Best. Singelen nådde 15. plassen i januar 1986 på Billboard Hot 100[1] i USA og 29. plass på singellista i Storbritannia. 12"-singelen inneheldt eit konsertopptak frå 1985 som seinare kom ut på Tina Live in Europe i 1988.

Adams sa til Songfacts at duetten var den mest minneverdige av alle samarbeida han hadde gjort. Han sa: «Å arbeide med Tina Turner var fantastisk. Eg brukte å sjå ho på klubbar då eg var ung, før ho slo stort gjennom. Det var utruleg å sjå ho.» Han la til: «Det er eit så stort privilegium å ha sunge med ho, særleg sidan eg berre var 24 år på den tida.»[2]

MusikkvideoEndra

Videoen er eit konsertopptak frå Tina Turner-turneen Private Dancer i 1985. Han byrjar med Turner i den kjende svarte, korte lêrkjolen sin og dongerijakke, som introduserer den unge Bryan Adams. Han kjem så inn på scenen og dei framfører songen i lag. Den populære videoen vann prisen for beste sceneframføring i ein video under MTV Awards i 1986.

ListerEndra

Liste (1985–86) Plassering
Australia (Kent Music Report)[3] 57
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 30
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 22
Canada Top Singles (RPM)[6] 14
Tyskland (GfK Entertainment)[7] 44
Irland (IRMA)[8] 18
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 20
New Zealand (RIANZ)[10] 37
Spania Radio (PROMUSICAE)[11] 34
Sveits (Schweizer Hitparade)[12] 16
UK Singles (Official Charts Company)[13] 29
US Billboard Hot 100[14] 15
US Mainstream Rock (Billboard)[15] 7

KjelderEndra

  1. Billboard. Nielsen Business Media, Inc. ISSN 0006-2510. Henta 13. mai 2016. 
  2. «It's Only Love». Songfacts.com. Henta 13. mai 2016. 
  3. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  4. "Bryan Adams & Tina Turner – It's Only Love – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 12. mai 2016.
  5. "Ultratop.be – Bryan Adams & Tina Turner – It's Only Love" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 12. mai 2016.
  6. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 12. mai 2016.
  7. «Tina Turner - Top Titel» (på German). GfK Entertainment. Henta 12. mai 2016. 
  8. "The Irish Charts – Search Results – It's Only Love". Irish Singles Chart. Retrieved 12. mai 2016.
  9. "Nederlandse Top 40 – week 48, 1985" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 12. mai 2016.
  10. "Charts.org.nz – Bryan Adams & Tina Turner – It's Only Love". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 12. mai 2016.
  11. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  12. "Bryan Adams & Tina Turner – It's Only Love – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 12. mai 2016.
  13. "Chart Stats – Tina Turner – It's Only Love" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 12. mai 2016.
  14. "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 12. mai 2016.
  15. "Tina Turner – Listehistorie" Billboard Mainstream Rock Songs for Tina Turner. Henta 12. mai 2016.