It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best

It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best
Studioalbum av Karen Dalton
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Studio Studio A i The Record Plant i New York City
Sjanger Folk-blues
Lengd 30:46
Selskap Capitol
Produsent Nick Venet
Karen Dalton-kronologi 
It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best In My Own Time
(1971)


It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best er debutalbumet til den amerikanske folk-bluesmusikaren Karen Dalton, gjeve ut i 1969 på Capitol Records.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
The Guardian4/5 stars[2]

Albumet vart sidan gjeve ut på CD av Koch i 1997. I 2006 kom albumet ut på Megaphone med ein DVD som synte gamle filmklipp av Dalton. I 2009 kom albumet nok ein gong ut, denne gongen på vinyl på Light In The Attic Records.[3]

Albumet vart produsert av Nick Venet, som produserte fleire av albuma til Fred Neil.

Allmusic skreiv om albumet: «Plata er interessant og godt laga, men ville ha vore langt viktigare om ho hadde kome ut fem år før. I 1969 var slike songarar venta å skrive mykje av sine eigne songar (Dalton skreiv ingen) og bruke ei rockeinstrumentering.»[1]

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Little Bit of Rain»Fred Neil2:30
2.«Sweet Substitute»Jelly Roll Morton2:40
3.«Ribbon Bow»Trad. arr. Karen Dalton2:55
4.«I Love You More Than Words Can Say»Eddie Floyd, Booker T. Jones3:30
5.«In the Evening (It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best)»Leroy Carr4:29
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Blues on the Ceiling»Fred Neil3:30
7.«It Hurts Me Too»Mel London3:05
8.«How Did the Feeling Feel to You»Tim Hardin2:52
9.«Right, Wrong or Ready»Major Wiley2:58
10.«Down on the Street (Don't You Follow Me Down)»Lead Belly2:17

Medverkande

endre
  • Karen Dalton - 12-strengsgitar, banjo, vokal
  • Kim King - elektrisk gitar
  • Dan Hankin - akustisk gitar
  • Harvey Brooks - bass
  • Gary Chester - perkusjon
Teknisk
  • Lillian Douma, Sandy Fisher - lydteknikarar
  • Joel Brodsky - fotografi

Kjelder

endre