Ivar Mehus
norsk politikar
Ivar Anton Ivarsson Mehus (fødd 25. juni 1849 Strand, død 29. juli 1934 Oslo) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nesna i Nordland.
Ivar Mehus | |||
Fødd | 25. juni 1849 | ||
---|---|---|---|
Død | 29. juli 1934 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Mehus var son til ein skomakar og vart fostra opp hos ein gardbrukar. Han gjekk landbruksskule og var deretter gardbrukar i heimbygda.
Mehus møtte første gong på Stortinget for Nordlands amt i 1884 frå 13. mai og 1885 frå 30. mai. Han var då 2. varamann, møtte begge gongene for Jens Dahl. Valperiodane 1889-1891 og 1892-94 var han 3. representant frå amtet. Begge periodane var han medlem av Lagtinget og militærkomiteen.
Han utvandra med familien til USA i 1902 og slo seg ned i staten Texas. Han kom att til Noreg etter 1930, og døydde i Oslo i 1934.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Haffner, Vilhelm (1949). Stortinget og statsrådet : med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. B. 1 : Biografier med tillegg til Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, s. 36. Aschehoug, Oslo.