Iver Olsen Svenneby

Iver Olsen Svenneby (10. desember 178814. februar 1856) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Våler i Hedmark.

Iver Olsen Svenneby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. desember 1788
Død

14. februar 1856 (67 år)

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Far hans var gardbrukar i Våler. Sjølv gjekk han underoffisersskule og var i åra 1807-13 sersjant ved livgarden i København. Han kjøpte sidan garden Lundeby i Våler, der han budde frå 1820. Svenneby var valmann 1829-49 og medlem av heradsstyret i Våler 1837-56.

Svenneby representerte Hedemarkens amtStortinget i 1830 og 1833. Begge gongane var han medlem av komiteen for gasjar, pensjonar, budsjett- og skattestell.

Han døydde på garden sin i Våler i 1856.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914