Opna hovudmenyen

Ivo Viktor (fødd 21. mai 1942) er ein tsjekkisk tidlegare fotballspelar frå Křelov, som var målvakt på Tsjekkoslovakia sitt lag som vann EM i fotball 1976. Han spelte 63 landskampar i åra frå 1966 til 1977. I si tid var han ei av dei beste målvaktene i Europa, og kom på tredjeplass i kåring om beste fotballspelaren i Europa i 1976 (Ballon d'Or). Fem gongar vart Viktor kåra til Tsjekkoslovakias beste fotballspelar, og to gongar til årets målvakt i Europa.

Ivo Viktor
Ivo Viktor.JPG
Fødd 21. mai 1942
Křelov
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Ivo Viktor på Commons

Frå 1960 til -63 stod Viktor ein sesong i mål for kvart av laga Železárny Prostějov, RH Brno og Spartak Brno. Sidan var han målvakt i topplaget Dukla Praha i fjorten sesongar, og fekk med seg tre seriegull og like mange nasjonale cuptriumfar før han ha la opp i 1977.

Viktor fekk sin landslagsdebut mot BrasilMaracanã stadion i Rio de Janeiro i 1966. Fire år seinare vakta han målet då Tsjekkoslovakia rauk ut or fotball-VM 1970 i Mexico etter tre strake tap. Under EM i fotball 1976 utmerkte han seg med framifrå prestasjonar og bidrog mykje til at Tsjekkoslovakia vann turneringa. Særleg viktige redningar stod han for mot Nederland i semifinalen, såvel som mot Vest-Tyskland i finalen. Han vart også kåra til beste målvakt i EM og kom på tredjeplass i kåringa av årets fotballspelar i Europa.

MerittarEndra

  • Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
  • Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1964, 1966 og 1977 med Dukla Praha
  • Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1965, 1966 og 1969 med Dukla Praha

Prisar og utmerkingarEndra

  • Årets fotballspelar i Tsjekkoslovakia: 1968, 1972, 1973, 1975, 1976
  • Tredjeplass i Ballon d'Or 1976
  • Året fotballmålvakt i Europa: 1969 og 1976
  • All star team Fotball-EM 1976

KjelderEndra