Jåblomslekta

planteslekt

Jåblomslekta eller Parnassia er ei planteslekt i spolebuskfamilien. Ein art veks i Noreg, jåblom.

Jåblomslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Celastrales
Familie: Celastraceae
Slekt: Jåblomslekta Parnassia
L., 1753

Slekta omfattar over 70 artar som veks på den nordlege halvkula. Dei er flerårige, urteaktige plantar, med stenglar, blad og blomar utan hår. Rotnettet er bygga opp over kraftige jordstenglar. Både i dei grunnstilte bladrosettane og i stengelblada er blada stilka og heile. Blomane er 5-talige og regelmessige med kvite, gulfarga eller grønlege kronblad. Fruktene er kapslar med mange frø.

Systematikk

endre

Jåblomslekta har historiske vore plassert i sildrefamilien (Saxifragaceae). I nyare tid har slekta vorte plassert i både spolebuskfamilien (Celastraceae) og i ein føreslått eigen familie, jåblomfamilien (Parnassiaceae).

Artar

endre

Norsk art:

Alfabetisk oversyn:[1]

Kjelder

endre
  1. Roskov Y., Kunze T., Orrell T., Abucay L., Paglinawan L., Culham A., Bailly N., Kirk P., Bourgoin T., Baillargeon G., Decock W., De Wever A., Didžiulis V. (ed) (2014). «Species 2000 & ITIS Catalogue of Life: 2014 Annual Checklist.». Species 2000: Reading, UK. Henta 26 May 2014. 
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre