Jåttå skipreide
Jåttå (Jåtten) skipreide var ei av skipreidene på Jæren, oppkalla etter garden Jåttå, nå i Stavanger.
Geografisk område etter gammal inndeling:[1]
- sørvestre delen av Hetland sokn
- austre delen av Sola sokn
- nesten heile Soma sokn (1841 innlema i Høyland sokn)
- garden Lea i Høyland sokn
Geografisk område etter noverande inndeling:
- søre delen av Stavanger kommune (Forus, Gausel, Gådeset, Jåttå, Hinna, Auglend, Ullandhaug, Tjensvoll, Stokka)
- austre delen av Sola kommune (aust for flyplassen og Gimra)
- vestlegaste delen av Sandnes kommune (Sentrum, Trones, Soma og nordover; Austvoll, Folkvord, Raugstad, Lea og vestover unnateke Heigre; Dale)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Jåttå skipreide vart nemnd Jåttå tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Jåttå tinglag oppløyst 1850[2] og erstatta av dei nye Høyland tinglag, Hetland tinglag og Håland tinglag.