Jérôme Boateng
tysk fotballspelar
Jérôme Boateng (fødd 3. september 1988 i Vest-Berlin) er ein tysk fotballspelar som har spela for Bayern München i tysk Bundesliga og for det tyske landslaget. Far hans kjem frå Ghana. Halvbror hans, Kevin-Prince Boateng, er landslagsspelar i fotball for Ghana. Han vart seriemeister i Tyskland med Bayern München i 2013 og 2014, vann den europeiske Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jérôme Agyenim Boateng | ||
Fødd | 3. september 1988 (36 år) | ||
Fødestad | Vest-Berlin | ||
Høgd | 192 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayern München | ||
Nummer | 17 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2002-06 |
Tennis Borussia Berlin Hertha Berlin | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2006-07 2007-10 2010-11 2011- |
Hertha Berlin Hamburg Manchester City Bayern München |
10 (0) 75 (0) 16 (0) 78 (3) | |
Landslag | |||
2007-09 2009- |
Tyskland U21 Tyskland |
15 (1) 39 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 3. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014 |
I 2009 var Boateng med på å vinna U21-EM med Tyskland. Han debuterte for Tyskland sitt A-landslag 10. oktober 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Russland, og vart utvist i debutkampen sin. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte i fem kampar. I EM i 2012 spelte han fire av Tyskland sine fem kampar.