Kevin-Prince Boateng

tysk fotballspelar

Kevin-Prince Boateng (fødd 6. mars 1987) er ein tysk-ghanesisk fotballspelar som har spela for AC Milan.

Kevin-Prince Boateng
Prince Boateng.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Kevin-Prince Boateng
Fødd 6. mars 1987 (33 år)
Fødestad Berlin
Høgd 184 cm
Posisjon Sentral midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Italia AC Milan
Nummer 27
Ungdomsklubbar
1994-2005 Tyskland Hertha BSC Berlin
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-2007
2007-2009
2009-2010
2010-
Tyskland Hertha BSC Berlin
Flag of England.svg Tottenham
Flag of England.svg Portsmouth FC
Italia AC Milan
42 (4)
14 (0)
22 (3)
8 (0)
Landslag
2010 Ghana Ghana 5 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 30. oktober 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 5. september 2010

KarriereEndra

Boateng vart fødd i Berlin og har tysk mor og ghanesisk far. Han voks opp i Tyskland og starta karrieren sin som fotballspelar hjå den tyske ungdomsklubben Reinickendorfer Füchse, før han signerte ein kontrakt for Hertha BSC Berlin i 1994, sju år gamal. Han blei i klubben til han fekk gå over på fyrstelaget deira i 2005, og spela på fyrstelaget til 2007, då han vart kjøpt opp av engelske Tottenham for £5,4 millionar.

I 2009 vart han lånt bort til tyske Borussia Dortmund for ei stund, før han vart kjøpt opp av engelske Portsmouth FC. Her blei han ein sesong før han gjekk over til italienske AC Milan 17. august 2010, som han spelar for i augneblinken.

LandslagsspelEndra

Boateng har både tysk og ghanesisk statsborgarskap. Frå han var 15 til han var 21 spelte han for Tyskland på dei ulike tyske ungdomslandslaga etter kvart som han vart eldre. Men i 2010 bestemte han seg for å spela for Ghana i framtida, og vart utvald til å vera med på landslagstroppen til Ghana i VM i fotball 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han eitt av måla i åttandedelsfinalen mellom Ghana og USA, som Ghana vann 2 - 1. Ghana vart slått ut i kvartfinalen i denne meisterskapen.

KjelderEndra

  • Engelsk Wikipedia om Boateng.