Jóhann Magnús Bjarnason

Jóhann Magnús Bjarnason (24. mai 18668. september 1945) var ein íslandsk forfattar, poet og lærar som emigrerte til Canada.

Jóhann Magnús i 1910

Han vart fødd i Meðalnesi í Norður-Múlasýslu, og flytte til Canada i 1875. Dei fyrste åra budde han i Halifax i Nova Scotia. Han la opplevingane i barndommen til grunn då han seinare skreiv den fyrste romanen sin, «Eiríkur Hansson» (1899-1903). Då nybyggarkollonien i Halifax vart nedlagt i 1882 flytta han fyrst til Winnipeg og derifrå til Nýja Íslands ved Winnipegsjøen i provinsen Manitoba, der han arbeidde som lærar. Medan han budde der skreiv han romanane Brasilfararane (1905-1908) og I Raudelvdalen (1914-1922). Han skreiv òg novellar, ymse artiklar og dikt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre