Jóhanna Sigurðardóttir
Jóhanna Sigurðardóttir[a] (fødd 4. oktober 1942) er ein islandsk politikar, aktiv i partiet Samfylkingin. Ho var islandsk statsminister frå 1. februar 2009 til 23. mai 2013. Ho har vore medlem av Alltinget frå 1978, og var sosialminister frå 1987 til 1994. Ho var på nytt sosialminister frå 24. mai 2007 fram til ho vart statsminister.
Jóhanna Sigurðardóttir | |||
| |||
Fødd | 4. oktober 1942 (82 år) Reykjavík | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Island | ||
Yrke | politikar, kabinpersonale | ||
Utdanna ved | Commercial College of Iceland | ||
Ektefelle | Jónína Leósdóttir | ||
Verv | Statsminister på Island 2009-2013 | ||
Føregangar | Geir Haarde | ||
Etterfylgjar | Sigmundur Davíð Gunnlaugsson | ||
Alle verv |
|
Jóhanna Sigurðardóttir vart den første kvinnelege statsministeren på Island, og den andre ope homofile regjeringssjefen i verda (etter Per-Kristian Foss som vikarierte for Kjell Magne Bondevik i 2002).
Merknadar
endre- ↑ Uttalt [jouːhanːa 'sɪːɣʏrðartouʰtɪr]
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi hos AlltingetDenne samfunnsartikkelen som har med Island å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.