Per-Kristian Foss

norsk politikar

Per-Kristian Foss (fødd 19. juli 1950) i Oslo er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore leiar for Unge Høgre 1973-1977, vore statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) 2001-2005, og har sete på Stortinget samanhengande frå 1981 til 2013.

Per-Kristian Foss

Per-Kristian Foss i september 2009
Foto: Hans A. Rosbach
Fødd19. juli 1950 (74 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, redaktør
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
EktefelleJan Erik Knarbakk
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Verv1. nestleiar i Høgre 9. mai 2004–27. april 2008
FøregangarErna Solberg
EtterfylgjarJan Tore Sanner
Verv2. nestleiar i Høgre 5. mai 2002–9. mai 2004
FøregangarAnne Berit Andersen
EtterfylgjarJan Tore Sanner
VervNorsk finansminister 19. oktober 2001–17. oktober 2005
FøregangarKarl Eirik Schjøtt-Pedersen
EtterfylgjarKristin Halvorsen
VervStortingsrepresentant 1. oktober 1981–30. september 2013
VervUnge Høgre-leiar 1973–1977
FøregangarJan Petersen
EtterfylgjarKaci Kullmann Five
Alle verv

I perioden 2014–2018 er han riksrevisor.

Utdanning og karriere

endre

Foss har examen artium frå 1969, og er utdanna cand.mag. frå 1977 med faga statsvitskap, offentleg rett og kriminologi. Han dreiv journalistpraksis i 1971-1973, og var i perioden 1980-1981 konsulent i Norsk Rederiforbund. Han har elles vore fulltids politikar heile sitt vaksne liv.

Partiverv

endre

Per-Kristian Foss kom med i sentralstyret i Unge Høgre i perioden 1971-1973, og var leiar for Unge Høgre i perioden 1973-1977. Han var dermed også med i Høgre sitt sentralstyre 1973-1977, der han heldt fram i åra fram til 1986, frå 1978 også som medlem av arbeidsutvalet. Han var formann i Høgre sin programkomité 1983-1985, 2. nestleiar Oslo Høgre 1988-1992, og leiar for Oslo Høgre 2000-2004. Han var 2. nestleiar i Høgre 2002-2004, og 1. nestleiar 2004-2008.

Stortinget

endre

Per-Kristian Foss møtte som vararepresentant allereie i stortingsperioden 1977-1981, og har møtt fast som stortingsrepresentant for Oslo på alle Storting frå 1981. Han var medlem i Presidentskapen for perioden 2009-2013, som andre visepresident i Stortinget.

Medlemskap i stortingskomitear

endre
  • 1981-85: Medlem, Energi- og industrikomiteen, 21.10.1981 - 30.09.1985
  • 1985-89: Sekretær, Energi- og industrikomiteen, 23.10.1985 - 30.09.1989
  • 1981-89: Varamedlem, Valkomiteen, 09.10.1985 - 30.09.1989
  • 1989-93: Leiar, Finanskomiteen, 23.10.1989 - 30.09.1993
  • 1993-97: Sekretær, Finanskomiteen, 21.10.1993 - 30.09.1997
  • 1993-97: Varamedlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1993 - 30.09.1997
  • 1993-97: Medlem, Valkomiteen, 11.10.1993 - 30.09.1997
  • 1997-2001: Medlem, Den utvida utenrikskomitéen, 21.10.1997 - 30.09.2001
  • 1997-2001: Medlem, Finanskomiteen, 21.10.1997 - 30.09.2001
  • 1997-2001: Medlem, Valkomiteen, 08.10.1997 - 30.09.2001
  • 2001-2005: Medlem, Valkomiteen, 09.10.2001 - 19.10.2001
  • 2005-2009: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 19.10.2005 - 30.09.2009
  • 2009-2013: Medlem, Kontroll- og konstitusjonskomiteen, 20.10.2009 - 30.09.2013

Medlemskap i gruppestyre

endre

Per-Kristian Foss har sidan 1989 vore medlem i gruppestyret til Høgre si stortingsgruppe, med unntak av dei 4 åra han var statsråd, 2001-2005. I periodane 1993-1997 og 1997-2001 var han nestleiar i gruppestyret.

Medlemskap i regjering

endre

Heider

endre

I 2005 vart han Kommandør av St. Olavs Orden.

Kjelder

endre