Jón Sigurðsson

islandsk politikar

Jón Sigurðsson (17. juni 18117. desember 1879) var leiar av den islandske sjølvstenderørsla på 1800-talet.

Jón Sigurðsson

Portrett av Jón, måla av Þórarinn B. Þorláksson.
Statsborgarskap Island
Fødd 17. juni 1811
Hrafnseyri
Død

7. desember 1879 (68 år)
København

Yrke politikar, filolog, historikar
Språk islandsk
Medlem av Det bayerske vitskapsakademiet
Jón Sigurðsson på Commons

Bakgrunn endre

Jón Sigurðsson var fødd i Hrafnseyri, nær Arnarfjörður, vest på Island, som son til presten Sigurður Jónsson. Han fór til København i Danmark i 1833 for å studera historie ved universitetet der, og etter kvart få arbeid ved Den arnamagnæanske samlinga, som på den tida hyste manuskripta til dei islandske ættesogene. Han vart ekspert på islandske ættesoger og på islandsk historie. Han tok aldri nokon universitetseksamen, ettersom islandsk politikk kom til å ta meir og meir av tida hans.

Jón Sigurðsson gifta seg med søskenbarnet sitt, Ingibjörg Einarsdóttir, og dei busette seg i København, der heimen deira vart eit senter for alle islendingar i byen. Dei hadde ingen born, men kalla «alle islendingar [for] borna deira».[treng kjelde] Han drog til Island kvart år, 29 gonger i alt, for å leia møta i Alltinget, som på den tida var eit rådgjevande organ for den danske regjeringa og kongen. Dei danske styresmaktene tok etter kvart omsyn til den veltalande måten som Jón Sigurðsson fremja islandske interesser på, og i 1874 fekk Island eit avgrensa sjølvstyre i innanrikssaker.

Jón Sigurðsson vert ofte omtala som president sidan han var preces i det islandske litterære selskapet (Hið íslenzka bókmenntafélag) i ei årrekkje.

Ettermæle endre

 
Jón Sigurðsson har vore avbilda på mange av dei islandske setlane, her på ein 10 krónur setet.

Fødselsdagen til Jón, 17. juni, er i dag nasjonaldagen til Island. Han har vorte heidra med bilete på dei islandske setlane, mellom anna på 10- og 500 krónur-setelen, og på frimerke som eithundreårsdagane for når han vart fødd og døydde, 150-årsdagen for når han vart fødd og like eins då den islandske republikken vart danna i 1944 (på den 133. fødselsdagen hans).

Kjelder endre

  • К. Maurer. Zur politischen Geschichte Islands. Leipzig, 1880).

Bakgrunnsstoff endre