Jødeforfølgingar under svartedauden

Jødeforfølgingane under svartedauden var omfattande forfølgingar mot jødar som fann stad fleire stader i Europa under svartedauden. Det resulterte i ei rekke pogromar eller massakrer, særleg i Det tysk-romerske riket og Spania mellom 1348 og 1351.

Samtidig bilde av ein pogrom under svartedauden i Antiquitates Flandriae

Forfølgingane blei utløyste av den allmenne panikken medan svartedauden raste, då ein leitte etter årsaker til katastrofen. Den vanlege utløysande årsaka til massakrane var rykte om at jødane hadde spreidd pesta gjennom å forgifta brønnane i ein konspirasjon for å utrydda kristendommen.[1]

Historikk

endre
 
Illustrasjon av myten om brønnforgifting

Den raske spreiinga til svartedauden og den store smittsamheita og døydelegheita vekte panikk der sjukdommen drog fram. Eliten i samtida meinte at pesta hadde blitt forårsaka av himmelske astronomiske hendingar og giftige utdunstingar på grunn av Gud si misnøye med syndene til menneskja. Bland allmugen braut det tidleg ut ein leit etter konkrete årsaker til kvifor Gud var misnøgd, og ei jakt på syndebukkar. Eliten blei redde for kvar det allmenne sinnet kunne retta seg, og føretrekte forfølgingar av minoritetar framfor at sinnet til majoriteten skulle retta seg mot dei og føra til opprør.

Tidleg under pesta byrja det å gå rykte i Frankrike om at epidemien var blitt forårsaka av gift som var blitt spreidd i brønnane for å tilinkjegjera kristendommen. Desse rykta blir nemnt av Jacme d'Agramont i Regiment de preservacio de pestilencia (24. april 1348) og Alfonos de Cordoba sitt Epistola de regimen dei pestilencia, som sjølv hadde tiltru til dei.[1] Opphavleg var det ikkje fyrst og fremst jødar som blei utsette for desse mistankane. Frankrike hadde ein særs liten jødisk folkesetnad på denne tida, ettersom dei var blitt forviste frå landet av Ludvig den heilage, og berre ein liten del av dei hadde vendt tilbake sidan. I staden blir det nemnt åtak i Frankrike (og i mindre grad òg i andre land) mot reisande og avvikande menneske generelt, som pilegrimar, tiggarar, handikappa og menneske ein fann med ulike typar pulver.[1]

Forfølgingane mot mistenkte giftspreiarar under svartedauden byrja fyrst å bli retta mot jødar spesielt då dei byrja opptre i område der det fanst ei større jødisk befolkning, som Det tysk-romerske riket, Savoie og Spania.

Frankrike

endre

I Frankrike var jødane blitt utviste av Ludvig han heilage, men ein trur likevel det fanst ein liten minoritet av dei att i landet. Forfølgingar mot dei blir likevel berre nemnt flyktig. I april 1348 nemner Louis Heyligen at menneske blei brunne dagleg på bål i Avignon, skulda for å ha forgifta brønnane og dermed forårsaka pesta, men han seier ikkje om desse var jødar, og dei kan like gjerne ha vore pilegrimar, framande reisande, homofile eller andre syndebukkar.[1]

André Benezeit, som var sekretær for borgarmeisteren Aymar i Narbonne, sende 17. april 1348 eit svarbrev til borgarmeisteren i Gerona i Catalonia der han svarte at det var sant at pesta var blitt spreidd gjennom ei forgifting av brønnane, og at omflakkande tiggarar, «fiendar av Frankrike», var blitt avretta i Narbonne, Carcassonne og Grasse, sidan dei under tortur hadde sagt seg skuldige i å ha forgifta brønnane.[1]

I april var det antisemittiske utbrot i Provence og i mai i Dauphiné. 5. juli 1348 erklærte pave Clemens VI at jødane var under hans vern, og la ned forbod mot åtak på dei. Då det fann stad fleire åtak mot jødar i Paris og Reims den 26. september, gav paven ordre til alle prestar om å preika mot jødeforfølgingar.[1] Han erklærte at han var medviten om at jødane var skulda for å ha forårsaka pesta gjennom å forgifta brønnane og at mange var blitt drepne for det, men at denne mistanken var syndig sidan svartedauden snarare var Gud si straff for syndene til menneska, ikkje forårsaka av menneske; at mistanken ikkje stemte med det faktumet at epidemien òg ramma jødar og land der det ikkje fanst jødar; og at den som følgde opp desse mistankane risikerte bannlysing.[1] Den 1. oktober erklærte han at mistankane mot jødane kom av griskheit og at ein ville stela frå dei.[1]

Abbeden Gillles le Muisis i Tournai i Nord-Frankrike nemner at jødar overalt blei arrestert og skulda for å ha forårsaka pesta. Han nemner ein konspirasjonsteori som gjekk ut på at jødane skulle ha blitt varsla om svartedauden gjennom astrologane sine, at han skulle innebera undergangen til ein religion, og deretter brukt gift for å sjå til at det var den kristne religionen og ikkje den jødiske som skulle bli den religionen som gjekk under.[1]

Savoie

endre

Forfølgingane mot jødane i Savoie, som utgjorde delar av noverande Frankrike og Sveits, er omtalt i ei brevveksling mellom styresmaktene i Strasbourg og styresmaktene i ulike byar i Savoie frå 1348. Styresmaktene i Strasbourg var blitt utsett for press om å undersøka om rykta som sirkulerte om at pesta var blitt forårsaka av jødar som forgifta brønnane stemte, og dei hadde derfor sendt ut spørsmål om saka til styresmaktene i andre byar. Svaret dei fekk frå Savoie skildra pogromane der.

15. november 1348 fekk borgarmeisteren i Strasbourg, Konrad von Winterthur, eit svar ifrå Rodolphe d'Oron og Michel de Vevey på vegner av Lausanne, som hevda at rykta var sanne.[1] Dei hadde sjølve arrestert ein jødisk mann som heitte Bona Deis, og etter tortur hadde han erkjent seg skuldig på ein slik tiltale, og at mange fleire jødar og òg nokre kristne giftmordarar var blitt brunne på bål og sett på stake for det same.[1] Dei formidla kontakt med slottsfuten i Chillon i Savoie, som gjorde greie for ei stor undersøking som hadde funne stad frå september til oktober 1348. Slottsfuten oppgav at han hadde arrestert ein jødisk lege som heitte Balavigny for å ha forgifta brunnen i Chambéry med pest. Under tortur skal denne ha erkjent at han gjorde dette på ordre frå rabbinar Jakob av Toledo, og at jødiske rabbinarar hadde gitt same ordre til andre jødar heile vegen frå byane i Savoie til Venezia, Sør-Italia, Sør-Frankrike og Brussel, og at det dermed fanst ein jødisk konspirasjon.[1] Mange andre jødar hadde sidan blitt arrestert og sagt seg skuldige under tortur. På ordre frå greven i Savoie hadde alle jødar i Villeneuve blitt brunne på bål, og dei kristne vernarane deira var òg blitt avretta.[1] Denne rapporten til Strasbourg er ei av dei best kjende skildringane av jødforfølgingane under svartedauden.

Spania

endre

I Spania førekom det tidleg vidspreidde rykte om giftspreiarar. Desse retta seg ikkje berre mot jødar. Det finst eit bevat brev frå katolske portugisiske pilegrimar som i juli 1348 ber kongen av Aragón om eit vernebrev, ettersom dei visste til at det ofte fann stad at pilegrimar blei angripne av lokalbefolkninga, skylde for å spreia gift.[1] I oktober 1348 gav kongen av Aragón ordre om vernetiltak for å hindra eit frykta åtak på maurarane i Huesca.[1]

Spania, og særleg Aragon (sidan svartedauden i dei andre delane av Spania er dårleg dokumentert), var likevel òg ein stad der det var pogromar mot jødane under svartedauden. I mai braut det ut forfølgingar av jødane i Catalonia. Det skal ha vore pogromar i Barcelona, Valencia og andre byar i Aragon.

Kongen erklærte at jødane var under hans vern. Etter pogromane gav han ordre om undersøkingar. Når desse blei dårleg utført av lokale styresmakter tvinga han personleg fram arrestasjonar av dei skuldige for pogromen i Barcelona i februar 1349; men det finst ingen bevarte opplysingar om korleis rettssaka enda.[1]

Tyskland og Sveits

endre

Jødepogromane i det tysk-romerske riket blei skildra av fleire samtidige krønikeskrivarar, blant dei Michael de Leone frå Würzburg, Caspar Camentz, Herman Gigas og Heinrich Taube. Den som skreiv mest utførleg om temaet var Heinrich von Diessenhoven frå Konstanz. Massepsykosen kring tanken om ein jødisk konspirasjon for å øydeleggja kristendomen verker å ha kome frå fransktalande Savoie, då styresmaktene i Strasbourg gjennom brev til styresmaktene i Savoy blei informerte om forfølginga av jødane der.[1] Krønikeskrivaren Herman Gigas frå Franken skreiv korleis det braut ut eit masshysteri i Tyskland kring tanken om at pest kom frå gift i brønnar, og at alle tyskarar frå bønder til adelsmenn dekte over brønnar og brukte elve- og regnvatn i staden for brønnvatn, og alle byrja å venda seg mot jødane.[1]

Pogromane

endre

Ifølgje Heinrich von Diessenhoven blei alle jødar i Det tysk-romerske riket frå Köln til Austerrike drepne mellom november 1348 og september 1349. I dei fleste tilifella er det få opplysingar om hendingar, det blir berre sagt at jødane i byen blei brunne, ofte etter at nokre av dei var blitt arresterte og torturerte til dei erkjende seg skuldige i å ha forgifta brønnane. Datoane for kva tid pogromane fann stad i dei ulike byane blei derimot gjerne skrivne ned. Den fyrste pogromen i ein tyskspråkleg by skal ha skjedd i Solothurn i november 1348, der fleire jødar blei arresterte og torturerte til dei erkjente seg skuldige. 17. januar 1349 var det ein pogrom i Basel, i Meßkirch og Waldkirch 21. januar, i Thüringen i februar, i Überlingen 11. februar, i Strasbourg 14. februar, i Mengen 16. februar, Schaffhausen og Zürich 21. februar, i Sankt Gallen 23. februar, i Konstanz 3. mars, i Baden 18. mars, i Radolfzell 30. mai, i Mainz og Köln 23. august, i 18 september.[1] Deretter heldt massakrane fram i Zofingen, Stuttgart og Augsburg. 6. desember 1349 var det ein massakre i Lindau, deretter i Reutlingen 8. desember; Haigerloch 13. desember; Horw 20. desember og Esslingen 27. desember.[1] Pogromane heldt fram neste år, 1350 og fram til 1351, då dei skal ha skjedd i Dortmund, Minden, Görlitz, Lüneburg, Münster, Osnabrück, Rostock og Stralsund.[1] Massakrane hadde dermed funne stad i nesten heile Tyskland. Unntaket var sørvestlege Tyskland, der styresmaktene etter alt å døma lykkast i å hindra massakrer; og i Praha og Wien, der høvesvis keisaren og hertugen hindra pogromar frå å skje.[1]

I nokre fall blir det gjeve detaljar frå enkelte massakrar. Den som kanskje er mest omskriven er Valentindagsmassakren i Strasbourg. I pogromen i Horw blir det skildra korleis jødane blei plasserte i ei grop der dei sidan blei brunne, eit motiv ein også finn i samtidige avbildingar av pogromane.[1] I pogromen i Esslingen skal visse jødar ha blitt brunne inne i hus, og andre i synagogen. Frå denne massakre blir det detaljert skildra korleis nokre jødar prøvde å kravla seg ut av bålet, men då fekk skallane sine knuste av tilskodarane.[1] I Basel skal dei jødiske småbarna ha blitt skåna og deretter døypte og konverterte til kristendommen. I Konstanz samla ein alle jødar i to hus den 4. januar, der dei blei halde fengsla fram til solnedgangen den 3. mars, då 330 av dei blei førte til eit nyoppført hus utanfor byen der dei sidan blei brunne; dei andre blei drepne i september.[1] Krønikeskrivaren Ägidius Tschudi oppgir at pogromen i Zürich fann stad etter at ein hadde funne liket av ein partert skomakargut, og jødane blei skula for å ha ritualmyrda han.[1] I Frankfurt hevda krønikeskrivaren Caspar Camentz at pogromen blei byrja av flagellantar, som kom til byen i ein religiøst opphissa tilstand og blei provoserte av dei velståande jødane og gjekk til åtak mot dei med religiøse slagord, etter at innbyggjarane i byen opphavleg var imot det. Om dette stemmer er ikkje bekrefta – det finst ingen andre kjende døme på at ein pogrom var blitt starta av flagellantane.[1]

Under pogromen i Mainz skildra Heinrich Taube korleis jødane i byen prøvde å forsvara seg, og det braut ut ein borgarkrig i byen, der 300 jødar lukkast i å drepa 200 av åtakarane sine. Så innsåg dei at dei i lengda ikkje kunna vinna mot overmakta, og valde difor valde å utføra sjølvmord gjennom å setja eld på seg sjølve.[1] I Speyer skal jødane i byen ha utført sjølvmord gjennom å brenna seg sjølve for å ikkje utsetjast for tvangsdåp, og bybuarane skal så ha plassert lika deira i vinfat og sett dei ut på Rhinen.[1]

Styresmaktene

endre

Haldningane til forfølgingane blant den styrande eliten veksla, men ifølge Heinrich von Diessenhoven prøvde dei oftast å gje jødane skjul, sjølv om skjulet ofte ikkje viste seg å rekka. I mange høve evakuerte styresmaktene jødar, men så braut det ut forfølgingar på den nye staden dei blei tekne til.[1]

Hertug Albrekt av Austerrike erklærte offentleg at jødane i Pfirt, Kyburg og Elsass stod under hans vern, og mange jødar ifrå Wintherturn, Diessenhoven og andre byar søkte tilflukt si i Kyburg slott under vernet hans. Allmugen i Kyburg kravde sommaren 1349 at Albrekt skulle avretta dei, og når dei erklærte at dei sjølv ville utføra dåden mot viljen hans om han ikkje gjorde det først, gav han ordre om ei slik avretting.[1] Keisaren erklærte òg at jødane stod under vernet hans. Ei mengd jødar søkte tilflukt i det keisarlege slottet i Ravensberg, men 2. januar 1349 gjekk ein mobb til åtak på slottet, overmanna slottsvaktene og brann jødane.[1]

Då massakrane byrja bryta ut i Thüringen prøvde styresmaktene i Erfurt å tilby jødane vern, men dei skal ha utført sjølvmord då dei innsåg at dei ikkje kunne vernast mot overmakta.[1] Grev Ruprecht I av Pfalz og grev Engelhard von Hirshhorn ordna verna asyl for jødane i Heidelberg og Sinshelm, men berre for dei som kunne betala for det.[1]

Eigedommane til dei døde blei seinare ofte overført til styresmaktene i byane eller den lokale adelsmannen.[1]

Følger

endre

Dei samtidige krønikeskrivarane hevda ofte at alle jødane blei drepne i byen eller leveområdet deira, av og til med unntak av nokre døypte kvinner og barn. Caspar Cramentz skreiv til dømes at alle jødar uansett kjønn, klasse eller alder blei drepne, og ingen var att. I røyndommen var ikkje nok ikkje dette tilfellet. Der styresmaktene mislykkast med å verna jødar blir det nemnt, men der dei lukkast blir det ikkje nemnt, og det er truleg at mange hadde suksess med evakueringar - eller å gøyma seg på eige initiativ - i byar lengre unna, i gardar eller stader på landet, eller på slott under vernet til ein fyrste eller adelsmann. i Freiburg blir det òg nemnt uttrykkeleg at dei tolv rikaste jødane i byen blei skåna av økonomiske grunnar.[1] At mange overlevde er òg gjort tydeleg av den store utvandringa av jødar frå Tyskland til Polen på denne tida.

Pogromane i Det tysk-romerske riket bidrog til ein stor immigrasjon av jødar til Polen, der kong Kasimir III lét dei vera. Dette gjorde at Polen fekk ein stor jødisk minoritet heilt fram til andre verdskrigen.[1]

Andre land

endre

Forfølgingane mot jødane av denne typen fann ikkje stad i England, ettersom det ikkje fanst noka jødisk befolkning der på denne tida – dei vart blitt utviste på slutten av 1200-talet.

I Nederlanda blir det nemnt at hertug Reginald III av Gelderland i 1350 tok fleire jødar under sitt vern. Det er mogleg at Hanna van Recklinghausen, den fyrste kjende kvinnelege borgaren i Nederland, var blant desse, og det er mogleg at vernet blei oppretta på grunn av ein frykta pogrom, sjølv om det ikkje finst nærare opplysingar om dette.[2]

Gilles le Muisis i Tournai påstod at jødane var blitt massakrerte ikkje berre i Det tysk-romerske riket, men òg i Italia så lang sør som i Bari. Men medan massakrane i Det tysk-romerske riket kan bekreftast, finst det ingenting som tyder på at slike fann stad i Italia under svartedauden.[1]

Det utbreidde ryktet om at svartedauden var forårsaka av menneske som forgifta brønnane skal òg ha nådd Sverige, som ikkje hadde nokon jødisk folkesetnad på denne tida. Det blir nemnt at ni menn var blitt avretta ved Visby for å ha forgifta brønnane, og Tidericus er eit kjent svensk døme på dei som blei offer for hysteriet.

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 1,22 1,23 1,24 1,25 1,26 1,27 1,28 1,29 1,30 1,31 1,32 1,33 1,34 1,35 1,36 1,37 Harrison, Dick, Stora döden: den värsta katastrof som drabbat Europa, Ordfront, Stockholm, 2000 ISBN 91-7324-752-9
  2. Kees Kuiken, (13. januar 2014). «Recklinghausen, Hanna van». Digitaal Vrouwenlexicon van Nederland.