Opna hovudmenyen

Jøkulkyrkja, òg kalla Massiv Jakova Gakkelja, er eit breitt, isdekt fjell med fleire utspring, aust for Lundebreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Aust-Antarktis. Med ei høgd på 3148 meter over havet er fjellet det høgaste punktet i Dronning Maud Land og alle området i verda som vert rekna som ein del av Noreg.[1] Jøkulkyrkja ligg ved Prinsesse Astrid Kyst. Håhellerskarvet på 2910 moh ligg i sørvest og mellom dei to toppane ligg den 40 km lange Lundebreen, som flyt nordvestover.

Jøkulkyrkja
fjell
Jokolkyrkja.jpg
Jøkulkyrkja sett frå aust. Toppen er bak det som verkar å vere det høgaste punktet til høgre.
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Fjellkjede Mühlig-Hofmannfjella
Topp Dronning Maud Land
 - høgd 3 148 moh.
 - koordinatar 71°53′S 6°40′E
Lettast tilkomst lett snø/isklatring
Administrert under Antarktistraktaten
Jøkulkyrkja is located in Antarktis
Jøkulkyrkja (Antarktis)

Innhaldsliste

Oppdaging og namngjevingEndra

Jøkulkyrkja vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen (1956–60) og namngjeve Jøkulkyrkja. Det første leddet jøkul tyder liten isbre.[2]

Den første stiginga av Jøkulkyrkja vart utført i januar 1994 av eit lag på 13 fjellklatrarar leia av Ivar Tollefsen. Den første kvinna som nådde toppen av fjellet var Merete Asak i november 2010.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra