Jølstramålet er det gamle talemålet blant jølstringar. Av di Jølster kommune har to senter i kvar ende av det store Jølstravatnet har målet variert mellom den indre (austdelen som soknar til kommunesenteret Skei) og nedre delen (vestdelen som soknar til tettstaden Vassenden) av området. I seinare tid har målet generelt (men kanskje hovudsakleg i «nedrebygda») vorte meir utvatna og påverka av innflyttarar frå andre delar av landet, både til Jølster og til Førde, som fungerer som eit senter for indre Sunnfjord.

Særtrekk i det tradisjonelle jølstramåletEndra

Det tradisjonelle jølstramålet høyrer i det ein kallar dei nordlege e-måla. Norrøn a i utlyd vert redusert til ein slapp e-lyd i infinitiv og ubunden form av svakt bøygde hokjønnsord (Jølstramål: «å sove», «å kaste» -- Norrønt: «sofa», «kasta»). Når a har hatt ein konsonant etter seg, held jølstringane på a-en (notid; kasta - norrønt; kastar) (fleirtal; steina - norrønt; steinar). Ein held òg på gamle genitivsformer-a i jølstramålet (bygdafolk - norrønt; bygdarfolk).

Desse særtrekka i jølstramålet finn ein i stor grad òg igjen i andre fjordamål (mål frå Nordfjord og Sunnfjord).

Skilnader mellom indrebygda og nedrebygdaEndra

  • I indrebygda (aust) finn ein trekk frå nordfjordmål; mellom anna ein ø-liknande lyd på uttalen av gammal kort o (til dømes i ordet stove). Ein kan òg merke seg nordfjordsk innflyting i at ein finn nordfjorske personnamn, som t.d. Bodvar eller Kolbein.
  • I nedrebygda (vest) finn ein målmerke frå Førde-regionen.

For å finne eit døme på skilnadane mellom grendene i Jølster kan ein nytte dyrenamnet rev:

  • Indrebygda: 'ræve
  • Midtre Jølst: 'róve
  • Nedrebygda: 'røve

Kjelder og litteraturEndra

Innleiinga til boka Jølstramålet av Daniel Dvergsdal (utgjeven av Jølster Mållag i 1996, med Kåre Lien som redaktør, ISBN 82-992464-2-3) var kjelde til artikkelen. Boka er tilgjengeleg via norske IP-adresser gjennom Bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket)