Rev
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå rev i sjø.
Rev | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Caniformia |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Stamme: | Rev Vulpini Hemprich & Ehrenberg, 1832 |
Revar (Vulpini) er altetande landlevande rovdyr i hundefamilien. Revane er inga systematisk gruppe, men er sett saman av fleire liknande hundedyr.
Det finst ulike reveartar i nær alle verdsdelane. Den best kjende reven i Noreg er raudrev, men det finst òg ei mindre gruppe fjellrev i landet.
Skildring Endra
Revar er mindre enn dei fleste andre hundedyra, med ein storleik typisk lik den til ein huskatt. Dei lever som regel åleine innanfor strengt oppdelte territorie, og held til i revehi. Dei kan bli 10–12 år, men dette er uvanleg i naturen.
Kultur Endra
Revar blir gjerne rekna som slu og smarte dyr. Han er kjend som den lure vennen til den dumme bjørnen i norsk folkedikting, og som lurefiguren Reynard i fleire europeiske tradisjonar.
Eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula er kalla reven.
Slekter Endra
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Fox» frå Wikipedia på engelsk, og «Ræv» frå Wikipedia på dansk den 2. januar 2006.