Jørgen Norheim
Jørgen Norheim (fødd 25. november 1952) i Sollia i Østerdalen) er ein norsk forfattar, historikar og t-baneførar.
Jørgen Norheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1952 (72 år) |
Yrke | skribent |
Jørgen Norheim voks opp i Vestre Slidre. Han er utdanna cand. philol. med hovudfag i historie, hovudoppgåva hans frå Universitetet i Oslo i 1986 heiter «I verda, men ikkje av verda» : problem i norsk kyrkjehistorieskriving. Frå 1987-96 var han redaktør i tidskriftet Syn og Segn. Forfattardebuten kom med romanen Liten svein i bærskog ut i 1994. I 2003 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Ingen er så trygg i fare, noko som kom svært uventa på det meste av Noregs kulturarbeidarar då dei aldri hadde høyrt om Jørgen Norheim før.