Vestre Slidre kommune

kommune i Innlandet fylke i Norge
(Omdirigert frå Vestre Slidre)

Vestre Slidre kommune er ein kommune i Valdres i Oppland i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta i 1849 då dåverande Slidre kommune vart delt inn i kommunane Øystre og Vestre Slidre.

Vestre Slidre kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Slidre
Areal 463 km²
 - land 421 km²
 - vatn 42 km²
Folketal 2 112  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Haldor Ødegård (Sp)
Kommunenr. 3452
Kart
Vestre Slidre kommune
61°03′38″N 8°55′02″E / 61.060555555556°N 8.9172222222222°E / 61.060555555556; 8.9172222222222
Wikimedia Commons: Vestre Slidre
Nettstad: www.vestre-slidre.kommune.no

Han grensar til Vang kommune i nordvest, Øystre Slidre kommune i nordaust, Nord-Aurdal kommune i aust, og Hemsedal kommune i Buskerud fylke i sørvest.

Geografi endre

 
E 16 ved Lomen, med Sildrefjorden i bakgrunnen.
 
Lomen stavkyrkje

Vestre Slidre kommune ligg i det vestre hovuddalføret av Benavassdraget nord for Fagernes, i tillegg til fjellområda på begge sidene. I sørvest omfattar kommunen øvre delen av Tisleivassdraget, der han grensar til Hemsedal kommune. I hovuddalføret ligg den smale, lange Slidrefjorden, og ved nordenden av denne grensar kommunen til Vang kommune.

Kommunen er ein av dei seks kommunane i dalføret Valdres i Oppland. I dei austlege traktene i kommunen stig terrenget opp mot dei høgste barskogkledde områda i Noreg. I vest går dalsidene over i slake og vide fjellvidder med store samanhengande stølsområde der det framleis er drive aktiv stølsdrift. Lengst mot vest nær grensa til Hemsedal finn ein fjelltoppar på over 1600 meter.

Kommunen har innbyggjarar fordelt på 463 kvadratkilometer. Dei aller fleste er busette langsmed vassdraget og E 16 som går gjennom kommunen. Kommunen har tre tettstader; kommunesentret Slidre, handelssentret Røn/Fosheim og bygdesentret Lomen. Kommunen har også eit satsingsområde for reiseliv på Vaset.

Kultur endre

Det er mange historiske ting verdt å sjå i Vestre Slidre som minner om ei tidleg busetting, mellom anna Gardbergfeltet med over 900 fornminnefunn, om lag 660 gravrøyser, vardar og bygdeborger. I Gardbergfeltet, kring 250 meter over Slidrefjorden, står Einangsteinen med innskrift i eldre runar og urnordisk språk. Lomen stavkyrkje, ved nordenden av Slidrefjorden, er bygd omkring 1200. Slidredomen (Valdres hovudkyrkje), bygd 1150–1200 i romansk stil, er rikt dekorert. Alterkalk i sølv med edelsteinar frå kring 1335.

Like sør for Slidredomen ligg Tingsteinen som er knytt til kristningsferda Heilag-Olav hadde gjennom Valdres. På Vaset turistområde finst leirskule, fjellstover og hyttegrend.

Folk frå Vestre Slidre endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre