Jørre André Kjemperud (fødd 31. august 1968) er ein norsk tidlegare sandvolleyballspelar frå Vikersund.[1] Han spelte også innandørs volleyball både i Lier, KFUM-Oslo, Kristiansund og Randaberg.

Jørre Kjemperud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. august 1968 (55 år)
Vikersund
Idrett Sandvolleyball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2008

Karriere endre

Kjemperud tok til å markera seg i internasjonale tevlingar frå 1994.[2] I 1997 vart han europameister i sandvolleyball saman med makkeren Vegard Høidalen. Dei to vann EM-bronse fire gonger og deltok under sommar-OL 2000 i Sydney. I 2001 vann dei bronse under VM i sandvolleyball.

Kjemperud og Høidalen representerte Noreg på nytt under sommar-OL 2004 i Aten. Etter desse leikane bytte Kjemperud makker og spelte frå no av med Tarjei Skarlund. Dei to representerte saman Noreg under sommar-OL 2008 i Beijing. Kjemperud si beste plassering under eit OL er ein 9. plass (2000 og 2004).[3] Til saman deltok han i 6 NM i sandvolleyball i karrieren sin. Som innandørs volleyballspelar spelte han i 20 landskampar for Noreg.

I 2012 slutta Kjemperud med volleyballen og tok over eigarskapen over Quality Spa & Resort Kragerø i Kragerø.[4]

Kjelder endre

«Jørre_André_Kjemperud» i Store norske leksikon, snl.no.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre