Jørund Mannsåker

norsk oversetjar og filolog

Jørund Mannsåker (19201990) var ein norsk filolog og omsetjar. Far hans var Jon Mannsåker.

Jørund Mannsåker
Fødd8. september 1920
Død30. desember 1989
NasjonalitetNoreg
Yrkefilolog, omsetjar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Groningen
EktefelleKari Borg Mannsåker

Mannsåker vart fødd i Ullensvang, men flytte i løpet av barndomen til Voss fordi faren hadde fått stilling der som kapellan. Han voks opp både i Ullensvang, Voss og Oslo, og fekk graden cand.philol. i 1947 med ei oppgåve om norsk utvandrarlitteratur. Han tok seinare opp att det same emnet i doktoravhandlinga si frå 1971: Utvandringa til Nord-Amerika i norsk skjønnlitteratur. Mannsåker var sendelektor i norsk ved fleire utanlandske universitet: i Groningen i Nederland, i Uppsala i Sverige og ved St. Olaf College, Minnesota, USA. Han arbeidde også som konsulent for forlaga Gyldendal og Samlaget, og som omsetjar.

I 1978 fekk Mannsåker Kirke- og undervisningsdepartementets oversetterpris i 1978 for lyrikkboka "Eg har ikkje bedt om å få koma" av finsk-svenske Antti Jalava, som Mannsåker omsette til nynorsk.

Kjelder endre