J.D. Salinger
Jerome David Salinger, til vanleg J.D. Salinger (1. januar 1919–27. januar 2010) var ein amerikansk forfattar.
J.D. Salinger | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 1. januar 1919 New York by |
Død |
27. januar 2010 (91 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar |
Religion | Zenbuddhisme, Jødedommen |
Ektefelle | Claire Douglas |
Born | Matt Salinger, Margaret Salinger |
J.D. Salinger på Commons |
Forfattarskap
endreSalinger blei verdskjend for romanen The Catcher in the Rye. Boka handlar om den 16 år gamle Holden Caulfield sine opplevingar i New York City etter at han har vorte kasta ut av eit internat. Holden strir på den eine sida mot forventningane til vaksenverda, på den andre sida meiner han at at dei vaksne ikkje tar han på alvor. Romanen er omsett til norsk to gonger: Hver tar sin – så får vi andre ingen (1952) og Redderen i rugen (2005). Eit viktig poeng med den siste omsetjinga var å oppdatere Holden Caulfield sin idiolekt til moderne ungdomsslang.[1]
Etter suksessen med The Catcher in the Rye levde Salinger eit tilbaketrekt liv i Cornish i eit hus omgjeve av høge murar. Den siste publikasjonen hans var historia Hapworth 16, 1924, som kom 19. juni 1965 i New Yorker. Som i alle publikasjonane etter The Catcher in the Rye, handlar også denne om familien Glass.
Sjølv om Salinger berre skreiv ein roman, to kortromanar, novellesamlinga Nine Stories og om lag 20 noveller publisert i ulike amerikanske tidsskrift,[1] er han ein av dei mest lesne og omtala amerikanske etterkrigsforfattarane.
Norske omsetjingar
endre- 1952 – Hver tar sin – så får vi andre ingen, omsett av Åke Fen (The Catcher in the Rye)
- 1962 – Franny og Zooey, 208 sider, omsett av Thor Gabrielsen (Franny and Zooey)
- 1979 – Ni noveller, Oslo, Gyldendal, Lanterne-bøkene, 186 sider, omsett av Torstein Hilt, ISBN 82-05-11586-9 (Nine stories)
- 2005 – Redderen i rugen, omsett av Torleif Sjøgren-Erichsen, ISBN 978-82-02-23829-2 (The Catcher in the Rye)
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Catcher» blir «redder», Aftenposten 17.okt. 2005
Litteratur
endre- Paul Alexander: Salinger. A biography. Renaissance Books, Los Angeles 1999, ISBN 1-58063-080-4.
- Eberhard Alsen: A readers guide to J. D. Salinger. Greenwood Press, Westport, Conn. 2002, ISBN 0-313-31078-5.
- Margaret A. Salinger: Dream Catcher. A memoir. Washington Square Press, New York 2000, ISBN 0-671-04282-3.
- Kenneth Slawenski: J. D. Salinger : a life raised high, Hebden Bridge : Pomona, 2010, ISBN 978-1-9045902-3-1
- Sarah Graham. J.D. Salinger's The Catcher in the Rye. London; New York: Routledge, 2007.
- Margaret Dumais Svogun. Salinger's the Catcher in the Rye. Explicator 61.2 (2003): 110-112.
- J.P. Steed (red.) The Catcher in the Rye: New Essays New York: Lang, 2002.
- Pamela Hunt Steinle. In Cold Fear: The Catcher in the Rye Censorship Controversies and Postwar American Character. Columbus: Ohio State UP, 2000.
Bakgrunnsstoff
endre- «Catcher» blir «redder», Aftenposten 17.oktober 2005
- Nekrolog i Time Magazine Arkivert 2010-01-30 ved Wayback Machine.
- Verk av og om J.D. Salinger i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket