J. P. Nyströms orgel- & pianofabrik
J. P. Nyströms orgel- & pianofabrik var eit svensk føretak som bygde orgel og piano i Karlstad. Føretaket vart skipa i 1865 og lagt ned i 1962. I 1909 vart det kunglig hovleverantör.
Johan Petter Nyström grunnla føretaket i 1865. Han hadde tidlegare avlagt svenneprøve som møbelsnekkar. Nyström hadde tidlegare arbeidd hos læremeistrar i Stockholm og Norrland. I 20-årsalderen busette han seg i Väse og tok til å lage handklaver og trekkspel.
- I 1925 vart det produsert om lag 600 orgel og 200 piano.
- I 1949 vart det produsert om lag 2000 piano.
J. P. Nyström leverte i 1889 orgelet i dåverande Revholt kapell på Grue Finnskog.
Eigarar
endre- 1865-1900 - Johan Petter Nyström (1839-1900) piano- og orgelfabrikant i Karlstad.
- 1900-1901 - Oscar Fredrik Nyström (1866-1901), eldste sonen til J.P. Nyström.
- 1901-1937 - Carl Wilhelm Nyström (1871-1937), sivilingeniør, piano- og orgelfabrikant i Karlstad.
- 1937-1962 - Boo Nyström (1900-1982), konsul, piano- og orgelfabrikant i Karlstad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «J. P. Nyströms orgel- & pianofabrik» frå Wikipedia på svensk, den 30. april 2020.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene: