Karlstad er ein by i Sverige. Byen ligg på nordsida av Vänern, på eit elvedelta skapa av Klaraelva. Byen ligg i det svenske landskapet Värmland. Byen er administrasjonsstad for kommunen Karlstads kommun, for länet Värmlands län og for Karlstads stift.

Karlstad
Symbol
Land  Sverige
Kommune Karlstads kommun
Areal 3 043 km²
Folketal 67 122 (31. desember 2020)
Kart
Karlstad
59°23′15″N 13°30′36″E / 59.387470608451°N 13.509980287639°E / 59.387470608451; 13.509980287639
Wikimedia Commons: Karlstad

Karlstad blei grunnlagt av Karl IX i 1584. I 1865 brann store delar av dei sentrale delane av byen ned. Etter brannen laga ein eit nytt gatesystem som har gjeve byen den utsjånaden den har i dag. I 1905 føregjekk forhandlingane mellom den norske og svenske regjeringa om sjølvstendet til Noreg (Karlstad-forhandlingene). Dette skjedde i Frimurarlosjen i byen som ligg på stortorget ved sidan av bl.a. Stadshotellet og rådhuset. Den endelege avtalen blei underteikna i festsalen til losjen 23. september 1905.

Karlstad har eit universitet med 11 000 studentar.

I utkanten av Karlstad ligg Bergvik kjøpesenter.

Ishockeyklubben Färjestads BK, som har vore blant dei dominerande klubbane i svensk ishockey i fleire tiår, kjem frå Karlstad.

Geografi endre

 
Karlstad med Vänern i bakgrunnen.

Karlstad ligg på delar av elvedeltaet til Klarälven og delvis ved Vänern. Deltaet breier seg ut til omgjevandane rundt Karlstad sør for byen, ned til mellom anna Skoghall. Det vestre elveløpet i deltaet omgir øya som det sentrale Karlstad er bygd på, Tingvallaön. Deltaet fører til at det er mykje vatn i byen i form av ulike elveløp, sjøar og viker på grunn av danning av kroksjøar. Deltalandskapet gjer òg at landskapet er relativt flatt, men det finst ein del høgder og høgdedrag i byen, som ikkje skuldast elveavleiringar. Dette gjeld særleg nord og aust for deltaet, og sør for deltaet på Hammarö. Karlstads domkyrka ligg på eit høgare punkt (det så kalla Lagberget) på Tingvallaön midt i deltaet, mellom alle elveløpa.

Venskapsbyar endre

  Moss (Noreg)
  Horsens (Danmark)
  Nokia (Finland)
  Blönduós (Island)
  Jõgeva (Estland)
  Karlovac (Kroatia)