Jack Fjeldstad
Jack Fjeldstad (24. mars 1915–4. september 2000) var ein norsk skodespelar og sceneinstruktør. Han er framom alt kjend for hovudrolla i filmen Ni liv frå 1957.
Jack Fjeldstad | |
![]() | |
Fødd | 24. mars 1915 |
---|---|
Fødestad | Christiania |
Død | 4. september 2000 (85 år) |
Dødsstad | Oslo |
Verka som | skodespelar |
Prisar | Amandakomiteens ærespris |
Fjeldstad debuterte i 1939 på Søilen Teater i Oslo. I tida 1942-50 var han i kortare tidsrom tilsett både ved Carl Johan Teatret, Stavanger Teater og Det Norske Teatret. Sidan arbeidde han 1952-59 ved Folketeatret, 1960-62 ved Nationaltheatret og 1962–86 ved Det Norske Teatret, alle saman i Oslo.
Fjeldstad hadde sentrale roller i Pygmalion, Vildanden, Frøken Julie og Trost i taklampa. I 1975 fekk han Kritikarprisen for tittelrolla i Vaktmeisteren av Harold Pinter. Han utmerkte seg i nær sagt alle slags dramatiske stykke, i komediar og likso vel som i verk med tragiske figurar og stolte karakterar. Fjeldstad spelte i over 30 spelefilmar. Av desse peikar rolla som Jan Baalsrud i Arne Skouen sin film, Ni liv, seg ut.
Til Fjeldstads viktigaste instruktørarbeid høyrer Andorra av Max Frisch, Myrfolket av Wole Soyinka og Kristina av Kåre Holt, den siste til 1100-årsjubileet for byen Tønsberg.
KjelderEndra
- Jack Fjeldstad i Store norske leksikon