Opna hovudmenyen

Harold Pinter (10. oktober 193024. desember 2008) var ein britisk forfattar (dramatikar), regissør og skodespelar.

Harold Pinter
Harold-pinter-atp.jpg
Pseudonym Дэвид Бэрон
Fødd 10. oktober 1930
London
Død

24. desember 2008
London

Yrke skodespelforfattar, skodespelar, filmregissør, manusforfattar, skribent, teaterregissør, forfattar, lyrikar, romanforfattar
Ektefelle Vivien Merchant, Antonia Fraser
Harold Pinter på Commons

Pinter skreiv kring tretti skodespel, tjue filmmanus, og var ansvarleg for oppsettinga av om lag 30 teaterstykke. Mellom dei mest kjende teaterstykka er The Birthday Party, The Dumb Waiter (Stumtjenaren), The Caretaker, The Homecoming og Betrayal.

Dramatikken til Pinter handlar ofte om ofte kommunikasjon eller fråvær av kommunikasjon i mellommenneskelege relasjonar. Tilhøvet mellom kvinner og menn er eit vanleg tema, og ofte tilhøvet mellom menn. Pinter har vorte tolka innan feministisk forsking, som for eksempel i Pinter's Female Portraits (Elizabeth Sakellaridou, 1988).

Pinter var mellom anna tildelt Shakespeare Prize (Hamburg), European Prize for Literature (Wien), Moliere D'Honneur for Lifetime Achievement og i 2005 Nobelprisen i litteratur.

BakgrunnsstoffEndra