Jackfrukt
Jackfrukt
Jackfrukt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Morbærfamilien Moraceae
Stamme: Artocarpeae
Slekt: Artocarpus
Art: Jackfrukt A. heterophyllus
Vitskapleg namn
Artocarpus heterophyllus

Jackfrukt (Artocarpus heterophyllus) er eit frukttre i morbærfamilien som stammar frå Sør-Asia og Søraust-Asia. Treet er tilpassa til tropisk lågland. Frukta er den største frukta frå eit tre i verda.[1] Ei jackfrukt er sjeldan mindre enn 25 cm i diameter. Sjølv eit relativt spinkelt tre med berre 10 cm i diameter kan bera store frukter. Frukta kan vega opp mot 36 kg, og bli opp mot 90 cm lang og ha ein diameter på 50 cm. Dei søte, gule kappene rundt frøa er 3-5 mm tjukke, og har ein smak som kan samanliknast med ananas, sjølv om smaken er mildare og mindre saftig.

Kjelder endre

  1. Know and Enjoy Tropical Fruit: Jackfruit, Breadfruit & Relatives, arkivert frå originalen 18. januar 2009, henta 30. mars 2020