Morbærfamilien
Morbærfamilien er ein plantefamilie i ordenen Rosales som omfattar 40 planteslekter og over 1400 artar, fleire av dei viktige nytteartar.
Morbærfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Morbærfamilien Moraceae Gaudich., 1835 |
Morbærfamilien er nært i slekt med neslefamilien. Tre og buskar er tofrøblada med spreidde blad, mjølkesaft og einkjønnea, frikrona blomar i rakler eller hovud. Hjå nokre av artane svulmar aksen av blomsterstanden opp og blir kjøtfull, som fiken. Hjå andre blir blomsterdekkblada saftige og kjøtfulle, som morbær.
Bruk
endreFrå artar i morbærfamilien får ein fruktene morbær, brødfrukt og fiken. Nokre fikenartar kan brukast som prydplantar, som poppelfiken (banyan, Ficus benghalensis), stoveplantar, som bjørkefiken (Ficus benjamina), og bonsai. Blada frå kvitmorbær (Morus alba) vert brukte i silkeproduksjonen som mat for silkeormar.
Kjende slekter
endreDei sentrale slektene av morbærfamilien er:
|
|
|
|
Kjelder
endre- ↑ «Genera of Moraceae tribe Artocarpeae». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 11. mars 2009.
- ↑ «Genera of Moraceae tribe Castilleae». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 11. mars 2009.
- ↑ «Genera of Moraceae tribe Dorstenieae». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 11. mars 2009.
- ↑ «Genera of Moraceae tribe Ficeae». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 11. mars 2009.
- ↑ «Genera of Moraceae tribe Moreae». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 11. mars 2009.
- «Morbærfamilien» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 10. desember 2013.
- Denne artikkelen bygger på «Morbærfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2013.