Jacob Borch
Jacob Krog Borch (13. juli 1813–17. juni 1886) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Drammen. Han var svigerson til John Gullichsen.
Jacob Borch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. juli 1813 Oslo |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Jacob Borch på Commons |
Borch var son til ein kjøpmann. Etter 5-6 år som handelsbetjent i Christiania arbeidde han på eit handelskontor i heimbyen Drammen. Frå 1840 var han kjøpmann i heimbyen, og i tillegg trelasthandlar skipsreiar og fabrikkeigar, til dess han i 1879 gjekk konkurs.
Borch var medlem av Drammen bystyre frå 1844 og ordførar 1856-57. I tida 1860-79 var han styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Drammen, og frå 1879 forlikskommissær.
Borch representerte Drammen på Stortinget både i 1851, 1854, 1859-60, 1865-66 og 1877-78. På Tinget var han medlem 1851 og 1859-60, sekretær 1854 og formann 1865-66 i Bankkomiteen. Han var elles sekretær 1851 og medlem 1877-78 i Jarnbanekomiteen, samt i 1877-78 medlem av Lagtinget og Skattekomiteen. I 1878-sesjonen hadde han også sete i Valkomiteen, medan han melde sjukdomsforfall til 1879-sesjonen. Han var i 1860 med i den deputasjonen Stortinget sende til kryninga av Karl III i Stockholm.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914