Jakob Kristenssen Bjørnerød
(Omdirigert frå Jacob Christensen Bjørnerød)
Jakob Kristenssen Bjørnerød (15. oktober 1778–16. april 1848) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Våler i Østfold.
Jakob Kristenssen Bjørnerød | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. oktober 1778 Våler kommune |
Død |
16. april 1848 (69 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Bjørnerød var dragon i sin ungdom. Seinare tok han over farsgarden i Våler og dreiv denne til han døydde. I 1815-16 var han 3. representant frå Smaalenenes amt, der han var medlem av komiteen for land- skog- og «bergvæsenet». Mange år seinare, i 1833, var han 4. representant frå same valkrinsen, då medlem av komiteen om bank- og pengestellet. Frå 1838 var han medlem av heradsstyret i Våler.
Han døydde på garden sin i Våler i 1848.
Kjelder
endre- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 97
Bakgrunnsstoff
endre- Biografisk informasjon om Jakob Kristenssen Bjørnerød NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv