Jacqueline Todten

Jacqueline Todten (fødd 29. mai 1954) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Ho vann sølvmedaljen i spydkast både under Sommar-OL 1972 og Friidretts-EM 1974.

Jacqueline Todten
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. mai 1954 (69 år)
Berlin
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i bronse

Aktiv endre

OL-sesongen 1972 sette Todten personleg rekord med eit kast på 60,00 m. Under finalen i dei olympiske leikane i München den 1. september smekka ho til med 62,54 meter i den sjette og siste omgangen, dermed tok ho andreplassen etter Ruth Fuchs og syrgde for austtysk dobbelsiger. Sommaren 1974 sette Todten livsbeste med eit kast på 64,34 meter. Ved europameisterskapen i Roma i september låg ho etter femte omgang på fjerdeplass, atter avslutta ho tevlinga med fullklaff og sikra seg sølv, landskvinna Fuchs sette verdsrekord og tok eit suverent gull. I den austtyske meisterskapen 1974 vann derimot Todten spydtevlinga. Også i Bislett-leikane 1975 i Oslo sigra Todten framom Fuchs; 62,24 m mot 60,74 m. Under sommarleikane 1976 presterte Todten årsbeste med 63,84 m og vart nummer fire, 12 cm bakom bronsevinnaren. Skade gjorde at ho la opp 1977?

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre