Opna hovudmenyen

Jacques René Chirac Høyr Høyr (29. november 193226. september 2019) var ein fransk politikar frå gaullistpartiet UMP (tidlegare RPR). Han var president i Frankrike frå 17. mai 1995 til 16. mai 2007. I kraft av stillinga si var han òg med-prins av Andorra og stormeister i Légion d'honneur-ordenen. Chirac er den franske presidenten som har sete lengst (med to heile periodar, fyrst sju år og deretter fem) etter François Mitterrand. Han er òg den einaste personen som har vore statsminister i to periodar i den femte franske republikken.

Jacques Chirac
ChiracUSA.jpg
FøddJacques René Chirac
29. november 1932 (86 år)
Paris i Frankrike
Paris
Død26 september 2019 (86 ar)
Paris
Statsborgar avFrankrike
PartiUnion pour un mouvement populaire, Rassemblement pour la République, Union des démocrates pour la République, Union pour la nouvelle République, Les Républicains
Yrkefunksjonær, statsmann, politikar
Utdanna vedInstitut d'études politiques de Paris
Hattemer
Lycée Louis-le-Grand
École nationale d'administration
Lycée Carnot
Harvard Summer School
MorMarie-Louise Valette
FarAbel-François Chirac
EktefelleBernadette Chirac
VervStatsminister i Frankrike 1974-1976
FøregangarPierre Messmer
EtterfylgjarRaymond Barre
VervStatsminister i Frankrike 1986-1988]]
FøregangarLaurent Fabius
EtterfylgjarMichel Rocard
VervPresident i Frankrike 1995-2007
FøregangarFrançois Mitterrand
EtterfylgjarNicolas Sarkozy

Kampsakene hans inkluderer lågare skattar, fjerning av priskontroll, strenge straffer for kriminalitet og terrorisme og privatisering av næringslivet.[1] Han ynskte òg ein meir sosialt ansvarleg økonomisk politikk, og valkampanjen hans i 1995 gjekk ut på å tette den «sosiale kløfta» (fracture sociale).[2] Den økonomiske politikken hans, som var basert på dirigiste, økonomikontroll gjennom direktiv, stod i motsetnad til laissez-faire-politikken i Storbritannia, som Chirac har kalla «Angelsaksisk ultraliberalisme».[3]

Etter at han var ferdig med DEA-graden sin på Institut d'Études Politiques de Paris og École Nationale d'Administration, byrja Chirac karrieren sin som embetsmann på høgt nivå og gjekk deretter inn i politikken. Han har hatt ulike politiske roller, som landbruksminister (1972–1974), statsminister (1974–1976 og 1986–1988), borgarmeister i Paris (1976–1995) og til slutt president i Frankrike frå 1995 til 2007 (vald i 1995 og gjenvald i 2002).

Han gifte seg med Bernadette Chodron de Courcel, som han har døtrene Laurence (f. 1958) og Claude (f. 1962) med, i 1956. Chirac har også ei fosterdotter, Anh Dao Traxel.

Mellom ordenane til Chirac er storkors av St. Olavs Orden og Den Kongelege Norske Fortenstordenen.

FotnotarEndra

  1. Barry James (15. juli 1997). «Privatization Is Essential,Chirac Warns Socialists : Resisting Global Currents, France Sticks to Being French». International Herald Tribune. 
  2. Jacques Chirac President of France from 1995 - 2007
  3. Francesco Giavazzi og Alberto Alesina (2006). The Future of Europe: Reform Or Decline. s. 125.