Jacques Lüthy

Jacques Lüthy (fødd 11. juli 1959) frå Charmey er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han vann bronsemedaljen i slalåmrennet under OL 1980 i Lake Placid. Lüthy var spesialist i dei tekniske øvingane; slalåm og storslalåm.

Jacques Lüthy

JACQUES LUTHY CHARMEY.jpg

Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. juli 1959 (62 år)
Charmey
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1980, Verdensmesterskapet i alpint, Verdscupen i alpine greiner, alpine skiing at the 1980 Winter Olympics – men's slalom

AktivEndra

9. desember 1978 debuterte Lüthy i verdscupen i storslalåmrennet i Schladming, der han enda på 10. plass. Vel ein månad seinare, 16 januar 1979, oppnådde han sin første pallplass, då han tok tredjeplassen i storslalåmrennet i Adelboden. 11 januar 1983 tok han sin siste pallplass på same staden, i same øving og på same trinnet.

Høgdepunktet for Lüthy kom under vinter-OL 1980. Han rann då inn til bronsemedalje i slalåm, bakom vinnaren Ingemar Stenmark frå Sverige og Phil Mahre frå vertslandet USA. Han vart elles nummer fem i den alpine kombinasjonen.

Lüthy gjekk aldri heilt til topps i noko verdscuprenn, men oppnådde åtte pallplasseringar i løpet av si tid som aktiv; seks i storslalåm og to i slalåm. I sin beste sesong, 1980, kom han på tredjeplass i storslalåmcupen av verdscupen. Same året oppnådde han også si beste samanlagtplassering i verdscupen, ein sjetteplass.

Han la opp i 1986.

BakgrunnsstoffEndra