Philip Mahre, kjend som Phil Mahre, (fødd 10. mai 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Yakima i delstaten Washington som vann verdscupen i alpine greiner både i 1981, 1982 og 1983, samt OL-gull i slalåm i 1984 og VM-gull i kombinasjon under vinterleikane 1980. Steve Mahre er tvillingbroren.

Phil Mahre

Statsborgarskap USA
Fødd 10. mai 1957 (66 år)
Yakima
Yrke alpinist, racerbilfører
Høgd 175 centimeter
Phil Mahre på Commons

Aktiv endre

Mahre vart nummer fem i storslalåm under vinterleikane 1976 i Innsbruck. Sesongen 1976/77 vann han ein verdscupsiger i kvar av dei to spesialgreinene, storslalåm og slalåm. I VM i alpine greiner 1978 kopierte han OL-plasseringa i storslalåm, og vart nummer åtte i slalåm.

Frå 1978-sesongen var Mahre i seks-sju sesongar ein av dei aller fremste skialpinistane i verda. Etter andreplass i verdscupen i alpine greiner 1978, vart han nummer tre i same både i 1979 og 1980. Deretter vann han verdscupen i tre år på rad; 1981, 1982 og 1983. Desse sesongane vart det avgjerande at Mahre var ein brukbar utforkøyrar og såleis sanka kombinasjonsigrar, noko konkurrenten Ingemar Stenmark frå Sverige ikkje gjorde.

Mahre tok sølvmedaljen i slalåm då Vinter-OL 1980 vart avvikla i heimlandet, svenske Stenmark vann rennet. Etter eit mislukka alpin-VM i 1982, lukkast Mahre under Vinter-OL 1984 i Sarajevo. Med sluttida 1.39,40 vann han gullmedaljen i slalåm, sølvmedaljen gjekk til tvillingbroren Steve med tida 1.39,62.

Phil Mahre hadde vunne 27 renn i verdscupen då han og broren la opp ved sesongslutt i 1984. Han vann kombinasjonstevlingar elleve gongar, storslalåm ni gongar og slalåm sju gongar.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar