Jafet Isaksson Lindeberg (12. september 18735. november 1962) var ein norsk-amerikansk gullgravar frå garden Bankenes i Kvænangen. I 1898 fann han gull i Alaska og var ein av grunnleggjarane av byen Nome. Lindeberg var ei tid rekna som den rikaste nordmannen i Nord-Amerika.

Jafet Lindeberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. september 1873
Kvænangen kommune
Død

november 1962 (89 år)

Yrke oppdagar, forretningsdrivande

Liv og virke endre

I februar 1898 reiste Lindeberg med båten «Manitoba» frå Alta til New York. Herfrå la han ut på ei reise til Alaska. På Sewardhalvøya ved Beringsundet trefte han svenskane Erik Lindblom og John Brynteson. Dei tre karane danna gruveselskapet Pioneer Mining Co. som den 20. august 1898 fann mykje gull i sanden ved Anvil Creek. Her grunnla dei gullgravarbyen Nome i Alaska.

Ryktet om gullfunnet til «The Three Lucky Swedes» spreidde seg som eld i turt gras. Året etter strøymde tusenvis av menn til Nome i eit gullrush tilsvarande det i Klondike.

Lindeberg vart rik. Men då det oppstod mafiaverksemd i området, vart det gjort alvorlege forsøk på å røve frå han eigedommane hans. Med rikelege pengemidlar til å velje ein framifrå sakførar, fekk Lindeberg felta tilbake gjennom høgsterett. Advokaten skal ha fått to bøtter gull i honorar.

Børskrakket i 1929 påførte Lindeberg store økonomiske tap.

Kjelder endre