Jakob Bernoulli
Jakob Bernoulli (17. september 1655–16. august 1705) var ein sveitsisk matematikar, ein av åtte frå den kjende Bernoulli-familien.
Jakob Bernoulli | |||
| |||
Fødd | 5. januar 1655 Basel | ||
---|---|---|---|
Død | 16. august 1705 Basel | ||
Nasjonalitet | Sveits | ||
Område | sannsynsrekning, talteori, matematikk, fysikk, matematisk analyse | ||
Yrke | matematikar, fysikar, lege, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Basel | ||
Alma mater | Universitetet i Basel Universitetet i Basel | ||
Doktorgradsrettleiar | Nicolas Malebranche Peter Werenfels | ||
Ektefelle | Judith Stupanus | ||
Medlem | Det prøyssiske vitskapsakademiet Det franske vitskapsakademiet |
Jakob studerte teologi, i tråd med ynsket til faren, og vart prest. Han studerte derimot òg matematikk og astronomi, noko som var i strid med viljen til faren. Frå 1676 til 1682 reiste han gjennom Europa og lærde om dei siste oppdagingane i matematikk og vitskap. Dette inkluderte arbeida til Robert Boyle og Robert Hooke.
Gjennom brevveksling med Gottfried Leibniz vart han kjent med matematisk analyse, og han samarbeidde med broren Johann Bernoulli om fleire bruksområde for teoriane. Dei publiserte blant anna artiklar om transendentale kurvar (1896) og isoperimetri (1700 og 1701). I 1690 vart Jakob den første som utvikla teknikkar for å løyse separable differensiallikningar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jakob Bernoulli» frå Wikipedia på bokmål, den 14. september 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Jacob Bernoulli - MacTutor History of Mathematics archive