Jakob Hoff

norsk politikar

Jakob Tøkersen Hoff (26. februar 184317. februar 1924) var ordførar i Ørland 1882-1916 og stortingsrepresentant for Venstre 1892–1906 og 1910–12.

Jakob Hoff

Fødd26. februar 1843
Ørland kommune
Død17. februar 1924 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Hoff dreiv fiskje i yngre år. I 1870 tok han over farsgarden på Hov i Opphaug og dreiv han til 1916.

Hoff var medlem av heradsstyret 1878-1919, ordførar 1882-1916. Han var forlikskommissær 1882-1900, samt både styreformann og seinare ordførar i representantskapet den lokale sparebanken.

Hoff var stortingsmann for Søndre Trondhjems amt 1892–1906 og for Indre Fosen krins 1910-12. På alle tingsamlingane var han medlem av kyrkjekomiteen, sekretær 1900-05 og 1910-12. Elles medlem av valkomiteen 1898-1906 og 1910-12, samt av spesialkomiteen i 1905. I 1906 var han medlem av deputasjonen som Stortinget sende til kongekryninga i Trondheim i 1906.

Han vart tildelt 7. juni-medaljen og Borgardådsmedaljen.

Hoff døydde på garden sin i 1924. Ein minnestein over han er reist på Ørland kyrkjegard.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914