Jakob Ziegler

tysk matematikar

Jakob Ziegler (fødd ca. 1470-71, daud august 1549) var ein tysk humanist, teolog, geograf, matematikar og kartteiknar.

Jakob Ziegler

Fødd1470
Landau an der Isar
Dødaugust 1549
Passau
NasjonalitetTyskland
Yrkematematikar, astronom, teolog, geograf
Jacob Ziegler sitt trykte nordenkart frå 1532 eller 1536.

Biografi

endre

Ziegler var fødd i Landau an der Isar i Bayern. Nordenkartet hans er det fyrste der Noreg er orientert nord-sør, ikkje aust-vest. Nordenkartet er eit av åtte kart—dei andre sju viser Palestina—i Ziegler si bok om Bibelens land, Quae intus continentur Syria, Palestina, Arabia, Aegyptus, Schondia, Holmiae..., som blei gjeven ut i Strasbourg i 1532. Verket til Ziegler blei også gitt ut i 1536, og nordenkarta frå 1532 og 1536 er identiske.

Nasjonalbiblioteket eig eit udatert manuskript til Ziegler si bok, ført i pennen av den faste skrivaren hans, Martin Richter.[1] Boka tilhøyrde tidlegare samlinga til sir Thomas Phillipp. Nordenkartet i den handskrivne boka er ikkje identisk med Ziegler sitt trykte kart frå 1532/36. Den viktigaste skilnaden er korleis Grønland er framstilt; både på det handteikna og det trykte kartet heng Grønland saman med Skandinavia, men på det handteikna er Grønland vist som ei halvøy medan det på det trykte er vist som eit stort kontinent som held fram utanfor rammene til kartet.

Under eit opphald i Roma kom Ziegler i kontakt med det nordiske katolske eksilmiljøet der fleire framståande geistlege forsynte han med bakgrunnsstoff om Noreg og Sverige. Blant desse var den norske erkebiskopen Erik Valkendorf og etterfølgjaren hans Olav Engelbrektsson, og dessutan den svenske erkebiskopen Johannes Magnus, som var bror av kartografen Olaus Magnus.

  • Jacobi Zigleri ex Landau Bauariae contra Heresim Valdensium libri quinque (Leipzig 1512)
  • Libellus adversus Jacobi Stunicae maledicentiam, pro Germania
  • Catalogus omnium Erasmi Roterodami lucubrationum (Basel 1523)
  • Historia Clementis VII. Pont. Rom.
  • Jacobi Ziegleri, Lancavi, Bavari, In C. Plinii de Naturali Historia librum secundum commentarius, quo difficultates Plinianae, praesertim astronomicae, omnes tolluntur. ... Item, Georgii Collimitii, et Joachimi Vadiani, in eundem secundum Plinia scholia quaedam. Henricus Petrus, Basel 1531.
  • Quae Intus Continentur Syria, Palestina, Arabia, Aegyptus, Schondia, Holmiae, Regionum Superiorum (= Schondia). Straßburg 1532.

Kjelder

endre
  1. Richter, Martin , Ziegler, Jacob. Ms.4° 917 Jacob Zieglieri Landavi Bavari in Palestinam.