Jakoruda
Jakoruda (bulgarsk Якоруда) er ein by og ein kommune i provinsen Blagoevgrad sørvest i Bulgaria. Kommunen omfattar byen Jakoruda og sju andre busetnader. Byen ligg ved elva Mesta i Rodopifjella, 26 km vest for Velingrad.
Jakoruda | |||
Якоруда | |||
Kommune | |||
Frå sentrum av Jakoruda
| |||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Blagoevgrad | ||
Koordinatar | 42°1′6″N 23°40′11″E / 42.01833°N 23.66972°E | ||
Høgd | 888 m | ||
Areal | 339,263 km² [1] | ||
Folketal | 9 581 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 28,24 / km² | ||
Tidssone | EET | ||
Jakoruda 42°01′04″N 23°40′08″E / 42.0177°N 23.6688°E | |||
Jakoruda kommune i provinsen Blagoevgrad
| |||
Wikimedia Commons: Yakoruda Municipality |
Jakoruda fekk bystatus 9. september 1964. Tidlegare var han offisielt rekna som ein landsby. Fleirtalet av innbyggjarane i byen er bulgarske muslimar (pomakar), medan resten for det meste er ortodokse kristne.
Kommunen har eit areal på 339 km2.[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 9 581 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 4 910 innbyggjarar.[2]
Busetnader i kommunen
endreDei største busetnadene i kommunen er:
Busetnad | Bulgarsk namn | Folketal (2011)[3] | Folketal (2021)[2] |
---|---|---|---|
Jakoruda | Якоруда | 5 792 | 4 910 |
Jurukovo | Юруково | 1 187 | 1 156 |
Konarsko | Конарско | 968 | 936 |
Avramovo | Аврамово | 723 | 699 |
Smolevo | Смолево | 552 | 517 |
Kjende personar frå Jakoruda
endre- Emilia Maslarova, bulgarsk minister
Utmerkingar
endreYakorudabreen på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis er kalla opp etter Jakoruda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Yakoruda» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2015.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 Arkivert 2021-08-01 ved Wayback Machine. («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Население по статистически райони, области, общини, населени места, пол и възраст («Befolkning i statistiske regionar, regionar, kommunar og busetnader etter kjønn og alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
- ↑ Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
Bakgrunnsstoff
endre- Uoffisiell nettstad Arkivert 2007-01-18 ved Wayback Machine. (bulgarsk)