Jakupitsa (makedonsk Јакупица) er ei fjellkjede i Nord-Makedonia. Den høgaste toppen er Solunska Glava på 2 540 meter over havet. Andre store toppar er Karadzitsa (2 473 m), Popovo Brdo (2 380 m), Ostar Breg (2 365 m), Ubava (2 353 m), Ostar Vrv (2 275 m) og Dautitsa (2 178 m).

Jakupitsa
fjell
Fjelltoppen Solunska Glava
Land  Nord-Makedonia
Høgd 2 540 moh.
Koordinatar 41°42′N 21°24′E / 41.700°N 21.400°E / 41.700; 21.400
Kart
Jakupitsa
41°42′15″N 21°24′19″E / 41.704166666667°N 21.405277777778°E / 41.704166666667; 21.405277777778
Wikimedia Commons: Jakupica

Fleire små stryk renn ned frå fjellet. Store område er dekte av bøk, eik og barskog. Det er òg tydelege spor etter tidlegare isbreaktivitet. Det er gjort fleire framlegg om å omgjere området til ein nasjonalpark.

Ein kan lett nå fjellet frå hovudstaden Skopje eller frå byen Veles og mange landsbyar i området.

På klåre dagar kan ein frå Solunska Glava sjå byen Thessaloníki i Hellas og dette har gjeve fjelltoppen namnet sitt. Solun tyder Thessaloníki og Glava tyder «hovud» på makedonsk, «hovudet til Thessaloníki»).

Kjelder

endre