James Henry Coffin

James Henry Coffin (18061873) var ein amerikansk matematikar og meteorolog som spesialiserte seg i studiet av vind og atmosfæriske endringar.

James Henry Coffin
James Henry Coffin.png
Fødd6. september 1806
Williamsburg
Død6. februar 1873
Pennsylvania, Easton (Pennsylvania)
NasjonalitetUSA
Yrkematematikar, meteorolog
Alma materAmherst College
MedlemNational Academy of Sciences

Coffin gjekk ut frå Amherst College i 1828 og vart lærar ved forskjellige skular og college. Meteorologistudiet starta han i 1838. Medan han var på Williams College frå 1840 til 1843, sette han opp eit apparat på Mount Greylock i New York for automatisk avlesing av vindretning og styrke. Frå 1846 og fram til han døydde var Coffin leiar for matematisk, naturfilosofisk og astronomisk avdeling ved Lafayette College. I 1846 starta han samarbeid med Smithsonian Institute i meteorologi. Dei mest kjende verka hans var Winds of the Northern Hemisphere (Vind på den nordlege halvkula) (1853) og Winds of the Globe (Vind på kloden) (1875). Førstnemnte vert rekna som eit pionerverk innan meteorologi.

KjelderEndra