James Nunatak
James Nunatak er ein kjegleforma nunatak, 410 moh, som ligg 9 km sør for Lewis Point på austkysten av Palmer Land i Antarktis. Fjellet vart fotografert frå lufta av medlemmar frå U.S. Antarctic Service (USAS) i september 1940 og vart truleg sett av lag frå USAS som utforska denne kysten frå bakken. I 1947 vart han kartlagd av ei felles gruppe som bestod av medlemmar av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon og Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), og vart namngjeven av FIDS etter David P. James, ein landmålar i FIDS ved Hope Bay-basen i 1945–46.[1]
James Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
• høgd | 410 moh. | ||
- koordinatar | 69°59′S 62°27′W / 69.983°S 62.450°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
James Nunatak 69°59′00″S 62°27′00″W / 69.983333333333°S 62.45°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «James Nunatak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «James Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).