James Taylor and the Original Flying Machine

James Taylor and the Original Flying Machine
Samleplate av James Taylor and the Original Flying Machine
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1971[1]
Innspelt 1966
Sjanger Rock
Lengd 22:48
Selskap Euphoria
Produsent
James Taylor-kronologi 
Sweet Baby James
(1970)
James Taylor and the Original Flying Machine Mud Slide Slim and the Blue Horizon
(1971)


James Taylor and the Original Flying Machine er ei arkivplate med innspelingar frå 1966 av bandet til den amerikanske visesongaren James Taylor, The Flying Machine (må ikkje forvekslast med The Flying Machine kjend for «Smile a Little Smile for Me» frå 1969), som først kom ut i februar 1971.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide1/5 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music1/5 stars[4]

Historikk

endre

Songane på albumet vart spelt inn med Taylor sitt band The Flying Machine i ein tretimars sesjon seint i 1966 i Select Sound Studios i New York City.[5] Dei vart produserte av Chip Taylor, som hadde vore involvert i nokre nyare pophittar, og Al Gorgoni, som òg spelte cembalo på innspelinga.[5] Gruppa følte at dei resulterande spora berre var av demokvalitet.[5] Etter at «Night Owl» (med «Brighten Your Night with My Day») vart gjeven ut som ein mislykka singel av Jay Gee Records, eit dotterselskap av Jubilee Records, vart det ikkje arbeidd vidare med ei albumutgjeving.[5]

Taylor signerte deretter med Apple Records, mislykkast kommersielt igjen, men vart deretter ein stor suksess med Warner Bros. RecordsSweet Baby James i 1970 og Mud Slide Slim and the Blue Horizon i 1971. Euphoria Records gav deretter ut innspelingane under namnet The Original Flying Machine, for å skilja gruppa frå det britiske The Flying Machine som hadde dukka opp i 1969 med hitlåten «Smile a Little Smile for Me». Det utgjevne albumet hadde beskjeden suksess med å utnytte ryet til Taylor, og nådde 74. plassen på den amerikanske popalbumlista. Flying Machine-medlemmen Danny Kortchmar var ikkje nøgd og sa: «Dei involverte ville ikkje betala for eit heilt album med James sine songar [i 1967]. Så det verka forferdeleg mange år seinare då dei same folka gav ut albumet Flying Machine med dei få sesjonane.»

Sesjonane vart gjevne ut på ny av Gadfly Records, med ekstra korte introar og to remiksar, i 1996.[6][7]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av James Taylor utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Night Owl» 2:29
2.«Brighten Your Night With My Day» 2:45
3.«Kootch's Song»Danny Kortchmar3:13
4.«Knocking 'Round the Zoo» 2:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Rainy Day Man»James Taylor, Zach Wiesner3:16
6.«Knocking 'Round the Zoo» 3:10
7.«Something's Wrong» (instrumental) 3:07

Medverkande

endre
The Flying Machine
Andre musikarar
Produksjon
  • Lydteknikarar: Wally Sheffey, Eddie Youngblood

Salslister

endre

Album

År Liste Plassering
1971 Pop Albums 74

Kjelder

endre
  1. «The Flying Machine». Softshoe's Music Matters Site. Henta 2. april 2023. 
  2. AllMusic review
  3. «James Taylor: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 5. januar 2013. Henta 27. oktober 2015. 
  4. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 White, Timothy, 'James Taylor: Long Ago and Far Away, Omnibus Press, 2002, ISBN 0-7119-9193-6. s. 118.
  6. «James Taylor and the Original Flying Machine 1967». www.dannykortchmar.com. Arkivert frå originalen 6. februar 2008. Henta 5. mai 2008. 
  7. «James Taylor and the Original Flying Machine 1967». Arkivert frå originalen 6. februar 2008. Henta 5. mai 2008.