Night Owl av James Taylor
Night Owl Singel av The Flying Machine | ||
B-side |
Brighten Your Night with My Day | |
---|---|---|
Utgjeve | 1967 | |
Innspelt | Late 1966, Select Sound Studios, NYC[1] | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | Rainy Day Records | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
Produsent | Chip Taylor, Al Gorgoni |
Night Owl av James Taylor frå albumet James Taylor | ||
Utgjeve | 6. desember 1968 | |
Innspelt | 1968 at Trident Studios, London | |
Sjanger | Rock, R&B | |
Lengd | 3:38 | |
Selskap | Apple Records | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
---|---|---|
Produsent | Peter Asher |
«Night Owl» er ein song skriven av James Taylor som opphavleg vart gjeven ut som ein singel av bandet til Taylor, The Flying Machine, som òg inkluderte Danny Kortchmar, i 1967. Taylor spelte inn ein ny soloversjon av songen for debutalbumet sitt James Taylor på Apple Records i 1968. Flying Machine-versjonen vart seinare gjeven ut på albumet James Taylor and the Original Flying Machine. Songen har òg blitt spelt inn av artistar som Alex Taylor, Carly Simon og Anne Murray.
James Taylor-versjonar
endre«Night Owl» vart inspirert av Night Owl Cafe i Greenwich Village i New York City, der The Flying Machine ofte spelte.[2][3] Flying Machine-versjonen vart gjeven ut som ein singel med «Brighten Your Night with My Day» på b-sida.[4][5] Taylor og dei andre gruppe-medlemmane var misnøgde med framføringa på innspelinga og fann henne «middelmåtig.»[5] Sjølv om songen fekk regional radiospeling i det nordaustlege USA, nekta plateselskapet å finansiera fleire innspelingar med bandet.[4] Forfattar Stephen Davis skildra songen som «ein livleg R&B-låt.»[2] Tony Orlando hevdar å ha vorte særleg gripen av songen.[6] Taylor spelte seinare inn «Night Owl», saman med fleire andre songar han skreiv for The Flying Machine, som «Knocking 'Round the Zoo,» på hans sjølvoppkalla solodebutalbum på Apple Records.[5] Allmusic-kritikaren Lindsay Planer vurderte songen som ein av dei «merkverdige innslaga» på James Taylor-albumet.[7] James Taylor-albumet inkluderte instrumentale mellomspel mellom songane, og James Taylor-biografen Timothy White skildra messingblåseinstrumenta som vart brukt i mellomspela som «klønete» og som å høyre ut som ouverture til ein Broadway-musikal.[4] White meiner likevel at messingblåseinstrumenta vart brukt betre som akkompagnement til songen sjølv.[4]
I 1971, etter at James Taylor fekk popularitet med utgjevinga av sitt andre album Sweet Baby James, gav produsenten Chip Taylor ut Flying Machine-demoar, inkludert «Night Owl», på albumet James Taylor and the Original Flying Machine.[8] For CD-utgjevinga av James Taylor and the Original Flying Machine remiksa Chip Taylor songen og la til bassgitar og perkusjon, noko som forfattaren Ian Halperin klagar over.[5]
Coverversjonar
endreBroren til James Taylor, Alex Taylor, valde å inkludere sin eiga versjon av «Night Owl» på debutalbumet sitt frå 1971, With Friends & Neighbors.[4][9] James Taylor spelte gitar på denne versjonen.[4][9] King Curtis spelte tenorsaksofon.[10] White skildra Alex Taylor sin versjon som «ein jamn rockande versjon.»[4] Redaktør Ben Windham i Tuscaloosa News skildra Alex Taylor sin versjon som svært forskjellig frå James Taylor sin versjon, trass i likskapen i stemmene deira.[10] Han skildra Alex Taylor-versjonen som å ha fått «ei gammaldags soul-handsaming.»[10]
I 1971 spelte òg Anne Murray inn «Night Owl» på albumet hennar Talk It Over in the Morning.[11] Kritikaren Greg Adams frå Allmusic skildra hennar versjon som «funky.»[11] Billboard skildra Murray som å vere «på sitt beste» i songen.[12]
Carly Simon var i eit forhold med James Taylor under innspelinga av hennar album frå 1972, No Secrets. Ho ville gjerne ha med ein av Taylor sine songar på albumet sitt.[13] Produsenten Richard Perry valde ut «Night Owl» for ho til å spele inn, fordi «det var ein meir funky, bluesaktig låt enn [Taylor sine] meir folk-orienterte songar.»[13] Paul McCartney, Linda McCartney, Doris Troy, Jimmy Ryan og Bonnie Bramlett stod for koringa på Simon si utgåve av songen.[13][14] Nicky Hopkins, ein langvarig samarbeidspartner med Rolling Stones, spelte piano, Jimmy Ryan spelte gitar, og både Klaus Voormann og Bobby Keys spelte på songen.[14][15] Taylor var i starten ikkje heilt nøgd med at Simon sin versjon av songen høyrdest ut for han som eit unytta spor frå Rolling Stones sitt siste album, Exile on Main Street.[2] Kritikaren Stephen Holden i Rolling Stone meinte likevel at det var den nest beste songen på No Secrets, etter hitsingelen «You're So Vain.»[14] High Fidelity meinte at dette var den beste songen på albumet.[16] Stereo Review omtalte songen som ein «brennande heit versjon.»[17] Forfattaren Jami Bernard skidlra Simon sine «hylande knurr» på songen som ein «triumf.»[18] Simon inkluderte seinare «Night Owl» på samlealbumet The Best of Carly Simon.[19]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Night Owl (James Taylor song)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ White, Timothy. James Taylor: Long Ago and Far Away, Omnibus Press, 2002, ISBN 0-7119-9193-6. p. 118.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Davis, S. (2012). More Room in a Broken Heart: The True Adventures of Carly Simon. Penguin. ISBN 9781101554258.
- ↑ Thompson, D. (2012). Hearts of Darkness: James Taylor, Jackson Browne, Cat Stevens, and the Unlikely Rise of the Singer-Songwriter. Backbeat Books. ISBN 9781458471390.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 White, T. (2009). Long Ago and far Away. Omnibus Press. s. 118, 120, 139. ISBN 9780857120069.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Halperin, I. (2003). Fire and Rain. Citadel. s. 49–50, 70, 126. ISBN 0806523484.
- ↑ Orlando, T. (2003). Halfway to Paradise. Macmillan. s. 87. ISBN 9780312319748.
- ↑ Planer, L. «James Taylor». Allmusic. Henta 2. juni 2014.
- ↑ Ruhlmann, W. «James Taylor and the Original Flying Machine». Allmusic. Henta 2. juni 2014.
- ↑ 9,0 9,1 Viglione, J. «With Friends & Neighbors». Allmusic. Henta 2. juni 2014.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 Windham, B. (19. august 2007). «Taylor Rocked Out, Sang the Blues». Tuscaloosa News. s. 6E. Henta 2. juni 2014.
- ↑ 11,0 11,1 Adams, G. «Talk It Over in the Morning». Allmusic. Henta 2. juni 2014.
- ↑ «Billboard Album Reviews». Billboard Magazine. 25. september 1971. s. 40. Henta 29. mars 2023.
- ↑ 13,0 13,1 13,2 Rosen, C. (1996). The Billboard Book of Number One Albums. Billboard Books. s. 151. ISBN 0823075869.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 Holden, S. (4. januar 1973). «No Secrets». Rolling Stone. Henta 2. juni 2014.
- ↑ Wahlquist, H. (11. mars 1973). «Such High Class Friends». The Sydney Morning Herald. Henta 3. juni 2014.
- ↑ High Fidelity, Volume 23, Issues 1-6. Audiocom. 1973. s. 114. Henta 3. juni 2014.
- ↑ Stereo Review, Volume 30. Ziff Davis. 1973. s. 100. Henta 3. juni 2014.
- ↑ Hunter, J. (20. september 1983). «Carly Simon Breaks Away». The Boston Phoenix. s. 7. Henta 3. juni 2014.
- ↑ Newsom, J. «The Best of Carly Simon». Allmusic. Henta 29. mars 2023.