Jammain

(Omdirigert frå Jamma'in)

Jamma'in (arabisk جمّاعين) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda, 16 km sørvest for Nablus, 6 km nordvest for Salfit og 40 km nord for Ramallah. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 6 227 i 2007.[2]

Jammain
جمّاعين, Jamma'in, Jamma'een
kommune
Namneopphav: Selskap[1]
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°07′52″N 35°12′03″E / 32.13111°N 35.20083°E / 32.13111; 35.20083
Areal 19,8 km²
Folketal 6 225  (2007)
Folketettleik 314 / km²
Kart
Jammain
32°07′52″N 35°12′03″E / 32.131111111111°N 35.200833333333°E / 32.131111111111; 35.200833333333
Wikimedia Commons: Jamma'in

Historie endre

Jamma'in ligg på ei høgd som har vore busett sidan oldtida. Tilskjerte steinar har blitt nytta om att i landsbyhusa, murar, gjerde og jordbruksterrassar. Ein har òg funne uthogde cisterner. 400 meters nordvest for byen ligg gravholer hogde ut i berget, med ei nisje og grotte (kalla I-Qubay'ah). Ein har òg funne keramikk frå sein romersk og bysantinsk tid.[3]

På 1000- og 1100-talet var landsbyen eit senter for Hanbali-aktivitet.[4]

Byen har vore busett sidan midten av islamsk tid Palestina og Saladin slo leir her med hæren sin. Dei førte innbyggjarane i byen var Bani Qudama, som flytta til Damaskus og oppretta forstaden Salihiyah i 1156. Medan dei var i byen bygde dei den første moskéen her.

Yaqut skildra staden som «Ein brunn i Nablusåsen i Filastin-provinsen. Han ligg ei dagsreise frå Jerusalem og høyrer til den byen.»[4][5]

Ein landsby i krossfarartida (1123 CE), kalla Gemmail,[6] har blitt identifisert som Jamma'in.[4]

Det osmanske riket endre

Jamma'in vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 stod han oppført i skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 18 hushaldningar og fem ungkarar, alle muslimar. Innbyggjarane i landsbyen betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar, og ei presse for druer eller oliven.[7]

På 1600-talet regjerte Qasim-familien Jamma'in og tjue nærliggande landsbyar. Jamma'in var setet i Jamma'in underdistrikt i Nablus sanjak.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen (som han kalla Djemma'in) i 1870, og estimerte at han hadde 1400 innbyggjarar. Husa var i betre stand enn mange andre stader Palestina, og somme verka nybygde.[8]

I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Jemmain som «den største landsbyen i distriktet, i høgt lende, omgjeve av olivenlundar. Vassforsyninga er eit reservoar og ein brunn aust for landsbyen.»[9]

Palestinamandatet endre

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde hadde Jammain eit folketal på 720, alle muslimar,[10] dette auka i folketeljinga i 1931 til 957, framleis alle muslimar, i 202 hus.[11]

I 1945 hadde Jamma'in eit folketal på 1 240, alle arabarar, med 19 821 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[12] Av dette var 5 362 mål var plantasjar og irrigert land, 6 625 nytta for korn,[13] medan 77 mål vart utbygd land.[14]

Etter 1967 endre

Som så mange andre palestinske stader på Vestbreidda, har innbyggjarane i Jamma'in vore involvert i Israel-Palestina-konflikten, og har vore eit mål for fleire raid frå det israelske forsvaret (IDF). Sidan Den første intifadaen i 1987, har seks menneske i byen mista livet i åtak frå IDF og hundrevis har blitt sett i fengsel.

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s. 229
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
  3. Dauphin, 1998, s. 807
  4. 4,0 4,1 4,2 Finkelstein and Lederman, 1997, s. 506
  5. Le Strange, 1890, s. 462
  6. Röhricht, 1893, RHH, s. 23, #101
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 133.
  8. Guérin, 1875, s. 172-3
  9. Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 284
  10. Barron, 1923, Table IX, UnderNablus sanjak, s. 25
  11. Mills, 1932, s. 62.
  12. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 60
  13. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 106
  14. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 156

Bakgrunnsstoff endre