Jammin' Me
Singel av Tom Petty and the Heartbreakers
B-side

«Make That Connection»

Utgjeve 18. april 1987
Sjanger Heartland rock
Lengd 4:08
Selskap MCA
Tekstforfattar Bob Dylan, Tom Petty, Mike Campbell
Låtskrivar(ar) Tom Petty, Bob Dylan, Mike Campbell
Tom Petty and the Heartbreakers-kronologi 
«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star»
(1986)
Jammin' Me «All Mixed Up»
(1987)


«Jammin' Me» er den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough), ein album av Tom Petty and the Heartbreakers frå 1987. Songen er skriven av Bob Dylan, Tom Petty og Mike Campbell. Heartland rock-songen er gjeven ut på samlealbuma Playback og Anthology: Through the Years.

Bakgrunn og tekst

endre

På True Confessions-turneen mellom Tom Petty og Bob Dylan (som begge seinare vart med i Traveling Wilburys), samarbeidde på denne songen, som vart opningssporet på albumet.[1] Songen handlar om ein mann som er «overvelda av «dei mange usamanhengande nyhendene som vert skapt i feilinformasjonsalderen»[2] og inneheld ein «vaskesetel»[1] av kjendisar i 1980-åra som Eddie Murphy, Joe Piscopo og Vanessa Redgrave, og eplet i auga til den unge Steve, er truleg ein referanse til Steve Jobs.[1] Noko av teksten kom frå Dylan og Petty som plukka ord ut av ei avis og frå fjernsyn.[3]

Utgjeving og mottaking

endre

«Jammin' Me» vart gjeven ut som den første singelen frå Let Me Up (I've Had Enough) i 1987. Han nådde førsteplassen av Billboard Album Rock Trackslista og 18. plassen på Billboard Hot 100.[4] Han vart den tredje singelen til Petty som nådde toppen av Album Rock-lista (seinare kalla Mainstream Rock) og låg der i fire veker.[5] Kritikarane likte generelt singelen og Allmusic samanlikna han med Rolling Stones-songen «Start Me Up» og skreiv «den fantastiske grooven er særs smittande».[1] Rolling Stone likte dei «rå gitarakkordane» til Petty og Campbell og «honkytonk-pianoet» til Benmont Tench.[2]

Medverkande

endre

Lister

endre
Liste (1987) Plassering
U.S. Billboard Album Rock Tracks 1
U.S. Billboard Hot 100 18
Kanadiske RPM Top Singles 41
New Zealand 38

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Let Me Up (I've Had Enough) Review». Allmusic. Henta 13. mars 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Let Me Up (I've Had Enough) Review». Rolling Stone magazine. Arkivert frå originalen 17. oktober 2007. Henta 13. mars 2015. 
  3. «Jammin' Me». Songfacts.com. Henta 13. mars 2015. 
  4. «Tom Petty Chart history». Bilboard. Henta 13. mars 2015. 
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 490.