So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star
So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star singel av The Byrds frå albumet Younger Than Yesterday | ||
B-side |
«Everybody's Been Burned» | |
---|---|---|
Utgjeve | 9. januar 1967 | |
Innspelt | 28. november til 1. desember 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:05 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Jim McGuinn, Chris Hillman | |
Produsent | Gary Usher | |
The Byrds-kronologi | ||
«Mr. Spaceman» (1966) |
So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star | «My Back Pages» (1967)
|
«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Jim McGuinn og Chris Hillman. Songen kom ut på albumet deira Younger Than Yesterday i 1967,[1] men vart først gjeven ut som singel den 9. januar 1967. Singelen nådde 29. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[2][3] Songen vart inspirert av den intensive publisiteten kring danninga av The Monkees, som nettopp hadde hatt debut på fjernsynsserien sin i USA, slik at det fabrikerte bandet vart internasjonalt kjende.[4] Dette fekk Hillman og McGuinn til å sjå på den dåverande tilstanden til popverda med litt meir kynisme.[5][4]
Musikalsk dannar 12-strengsgitaren til McGuinn og basslinja til Hillman kjernen i songen.[6][7] Hillman har fortalt at han lagde basslinja i songen under ei innspeling for den sørafrikanske musikaren Hugh Masekela.[7] Maskela spelar trompet på songen, noko som var første gong Byrds nytta blåseinstrument på ei innspeling.[8][7] I tillegg kan høyran skrikande tenåringsjenter på songen. Desse hyla vart spelt inn den 15. august 1965 under ein konsert med The Byrds i Bournemouth.[9][4]
Songen finst på fleire samleplater med The Byrds, samt konsertutgåve på (Untitled) og Live at the Fillmore - February 1969 og Live at Royal Albert Hall 1971.[1]
Andre utgåver
endreAndre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Patti Smith Group, Tom Petty and the Heartbreakers, Black Oak Arkansas, Roxette , Golden Earring, Jon Bon Jovi, Crowded House og Pearl Jam.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Younger Than Yesterday review». Allmusic. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 118. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 193. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ «The Monkees Biography». Allmusic. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ «The 40 Greatest Gitar Albums Of 1967». Keyboard Magazine. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 «Younger Than Yesterday». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 18. oktober 2010.
- ↑ Frame, Pete. (Februar 1973), «History of The Byrds», Zigzag (London)
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 60–61. ISBN 1-90600-215-0.