Opna hovudmenyen

Mike Campbell

amerikansk gitarist

Tidlege årEndra

Campbell vart fødd i Panama City i Florida. Han voks opp der og i Jacksonville i Florida, der han gjekk på Jean Ribault High School i 1968. 16 år gammal kjøpte han den første gitaren sin, ein billig Harmony, frå ein pantehandlar. Den første elektriske gitaren hans var ein Guyatone. Som Tom Petty, var Campbell inspirert av The Byrds og Bob Dylan, i tillegg til gitaristar som Scotty Moore, Luther Perkins, George Harrison, Carl Wilson, Jerry Garcia, Roger McGuinn, Keith Richards, Brian Jones, Jimmy Page, Mick Taylor og Neil Young. Den første songen han lærte seg å spele på gitar var «Baby Let Me Follow You Down,» ein song som finst på debutalbumet til Dylan.

Han danna eit band kalla Dead or Alive, som raskt vart oppløyst. Han møtte først Petty gjennom trommeslagaren i Mudcrutch, Randall Marsh, då han prøvespelte for dei, og han føreslo venen Campbell på rytmegitar.

11. november 2011 kåra magasinet Rolling Stone Mike Campbell til den 79. beste gitaristen gjennom tidene.[1]

Mudcrutch flytta til Los Angeles og fekk ein kontrakt med Shelter Records, og spelte inn eit studioalbum i 1974 som enda opp å bli skrinlagt. Campbell og Petty danna så Tom Petty and the Heartbreakers i 1975 i lag med Benmont Tench (klaverinstrument), Ron Blair (bassgitar) og Stan Lynch (trommer).

The HeartbreakersEndra

Som dei andre musikarane i the Heartbreakers har ikkje Campbell ein virtuos spelestil, og føretrekk heller å gjere det som trengs for kvar song. Magasinet Guitar World skreiv at «det er berre ei handfull gitaristar som kan hevde å aldri ha sløst med ein note. Mike Campbell er utan tvil ein av dei». Han er ein melodisk spelar, og brukar ofte to eller tre strengar om gongen i staden for den meir konvensjonelle ein-streng-om-gangen. «Folk har sagt til meg at det høyrest ut som sekkepiper,» sa han. «Eg er ikkje heilt sikker på kva det tyder.» Om sin eigen spelestil har han sagt: «Eg trur ikkje folk kan gjere det betre enn Jimi Hendrix og Eric Clapton når det kjem til sologitar. Eg likar å få gitaren min til å bringe songane fram.» Som Tench har han vore sterkt involvert i å konstruere arrangementa for songane til the Heartbreakers.

Campbell har vore medprodusent på the Heartbreakers-albuma Southern Accents, Pack Up the Plantation: Live!, Let Me Up (I've Had Enough), Into the Great Wide Open, Songs and Music from «She's the One", Echo, The Last DJ, The Live Anthology og Mojo, i tillegg til soloalbuma til Petty, Full Moon Fever, Wildflowers og Highway Companion.

Andre prosjektEndra

I tillegg til the Heartbreakers, har Campbell vore medlåtskrivar og spelt på songar som «The Boys of Summer» og «Heart of the Matter» med Don Henley. Andre songar han har skrive og spelt på er songar for The Blue Stingrays, Johnny Cash, Fleetwood Mac, Lone Justice, Roger McGuinn, Tracy Chapman, Warren Zevon, George Harrison, Stevie Nicks, John Prine, Bob Dylan, Restless Sleeper, Patti Scialfa, Brian Setzer, J.D. Souther, Jackson Browne, The Williams Brothers og Robin Zander. Han produserte fire songar på Roy Orbison-albumet Mystery Girl og spelte gitar på The Wallflowers sin «Sixth Avenue Heartache».[2]

I 2004 spelte han gitarsoloen på songen «Los Angeles Is Burning» frå punkrockbandet Bad Religion-albumet The Empire Strikes First. I 2010 spelte han solo på songen «Cyanide» på albumet deira The Dissent of Man frå 2010.

 
The Gorge i juni 2010.

I 2007 vart han med att i Mudcrutch i lag med Petty, Tench, Tom Leadon og Randall Marsh. I 2008 spelte han banjo på songen «Love Song» frå albumet Earth to the Dandy Warhols av The Dandy Warhols. Han spelte gitar og mandolin på Bob Dylan-albumet Together Through Life i 2009.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra