Jamming (frå engelsk) er tilsikta utsending av radiosignal for å avbryte eller hindre mottaking av signal frå ein annan stasjon.[1]

Teknisk sett vert jamming gjort med ein støysendar, som er ei eining for å senda ut støy for å forstyrra eller blokkera radiosamband. Alt etter kva den skal jamma kan den vera «dum» og berre senda kvit støy som overdøyver signalet eller den kan vera «smart» og senda signal som er eigna for å forstyrra heilt bestemt utstyr. Typisk bruk er støysendarar retta mot radar, radio og sonar. Tidlegare var målgruppa militæret, men med ei stadig aukande mengd sivil radioommunikasjon er det vorte attraktivt for kriminelle å bruka støysendarar for å hindra varsling av lyssky aktivitet. Samstundes brukar politiet støysendarar for å hindra kriminelle i å kommunisera og for å fremtvinga identifisering. Dette kan vera så spesifikt at dei kan slå ut eit bestemt lite geografisk område. Anna kjend bruk er at signal frå GPS kan jammast slik at ein GPS-mottakar ikkje vil kunna motta signalet, eller vil motta fordreia signal, slik at den ikkje vil visa korrekte data.[2] Eit aktuelt område der det kan vere høveleg med jamming, er òg mot droner. Desse dronene kan tidvis hindre bruk av flyplassar på grunn av fare for kollisjon under landing og letting av flya.[3][4]

Bruk av mobiljammarar i Noreg endre

I Noreg er det debatt om politiet skal få høve til å bruka mobiljammerar under aksjonar. Det er reist spørsmål om nytte og ansvar om anna legitim bruk av mobilar vert hindra. Eit døme er om politiet i ein pågåande aksjon blokkerar mobilnettet og ein person innanfor aktivt område får eit hjerteattak og døyr fordi ingen klarer å oppnå kontakt med redningspersonell. I ein aksjon kan eit område på 13 kvartal blokkerast for mobilkommunikasjon i samsvar med publisert material, noko som i Oslo tilsvarer eit område frå Karl Johans endepunkt ved Oslo Sentralstasjon og til Oslo domkyrkje. I tillegg vil område med fritt innsyn til støysendaren påverkast slik som område i Gamlebyen og oppover i Ekebergåsen.[treng kjelde] Kraftigare utstyr er kjent som blokkerer all kommunikasjon i ein avstand av 8 kilometer eller meir frå støysendaren, til dømes TRJ-89.[5] Det er i utgangspunktet ulovleg å nytte jammarar i Noreg.[6]

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Jamming». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 22. desember 2018. 
  2. JOSEPH TREVITHICK (16. oktober 2017), «Russia Jammed Phones and GPS in Northern Europe During Massive Military Drills», The Drive 
  3. Dimmen, Sofie Dege (22. desember 2018), «Risikerer opp mot fem års fengsel for ulovlig droneflyvning», NRK (på norsk bokmål), henta 23. desember 2018 
  4. Evans, Martin; Johnson, Jamie; Sawer, Patrick; Graham, Chris (22. desember 2018). «Gatwick airport drone chaos: Man, 47, and woman, 54, arrested in Crawley - latest live news updates». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. 
  5. EOD Partner: TRJ Series jammer
  6. Forbud mot jammere, Nkom.no, henta 10. november 2017 

Bakgrunnsstoff endre