Jan-Olav Ingvaldsen
Jan-Olav Ingvaldsen (12. januar 1954–5. april 2021) var ein norsk journalist, arbeidar og politikar frå Fauske i Nordland. Han representerte Arbeidarpartiet og Nordland på Stortinget 1985-89.
Jan-Olav Ingvaldsen | |||
Fødd | 12. januar 1954 Fauske kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 5. april 2021 (67 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ingvaldsen arbeidde på smelteverket i Sulitjelma frå 1974. Her fekk han fleire tillitsverv, mellom anna var han formann i Sulitjelma gruvearbeiderforening frå 1979 til 1985. Hausten 1985 vart han vald til stortingsrepresentant frå Nordland, som den sjette og siste for Arbeidarpartiet. På Tinget fekk han plass i Forbrukar- og administrasjonskomiteen. Då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister i mai 1986, vart han flytta over i Sosialkomiteen. Siste sesjonen, 1988/89, måtte han tilbake til Forbrukarkomiteen.
Stortingsvalet 1989 gav Arbeidarpartiet fem representantar frå Nordland, så Ingvaldsen måtte finne seg noko anna å gjere. Han utdanna seg til å bli journalist og arbeidde i Nordlands Framtid og sidan opp Avisa Nordland.